Hopp til innhold

Vedgår at IS-toppen Qurashi er drepen

Ein IS-talsmann stadfesta på ei islamistisk nettside i dag at Abu Mutaz al-Qurashi, ein av toppane i terrororganisasjonen, vart drepen i eit amerikansk luftangrep i Irak 18. august i år. Han oppmodar samstundes til heilag krig mot Russland og USA.

Abu Muhammad Al-Adnani

IS-talsmann Abu Mohammad al-Adnani (biletet) stadfestar at IS-toppen Abu Mutaz al-Qurashi er død.

Foto: YouTube / Afp

Det er SITE, ein organisasjon som overvakar islamistiske nettsider, som melder dette i kveld.

Dei amerikanske flya angreip eitt eller fleire køyretøy ikkje langt frå den nordirakiske byen Mosul. USA gjekk raskt ut og sa at Qurashi var drepen , men det var ikkje mogleg å få dette stadfesta av andre kjelder.

– Hans høgste ynskje

Nesten to månader etter seier altså IS-talsmannen Abu Mohammed al-Adnani at Qurashi, som også gjekk under namnet Aadhil al-Hayali, vart drepen i dette angrepet.

baghdadi is-angrep

IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi har mist ein viktig støttespelar i Abu Mutaz al-Qurashi

Foto: Uncredited / Staff Sgt. Ciara Wymbs

– Amerika frydar seg over drapet på Abu Mutaz al Qurashi og ser på det som ein stor siger. Eg vil ikkje sørgje over han, fordi det var hans høgste ynskje å døy i namnet til Allah. Han har lært opp mange menn som, om Gud vil, vil skade Amerika, seier Adnani i eit lydopptak.

Adnani sa likevel ikkje noko om på kva måte Qurashi døydde.

Det var 22. august at amerikanske styresmakter sa at dei hadde bombe eit køyretøy der Qurashi var med. Også ein annan viktig IS-figur, mediestrategen Abu Abdullah, vart drepen i angrepet, ifølgje USA.

LES OGSÅ: IS-leiaren og hans indre sirkel

– Viktig koordinator

Det kvite hus karakteriserte Qurashi som ein av dei nærmaste medarbeidarane til IS-leiar Abu Bakr al-Baghdadi, og at han var ansvarleg for koordineringa av store mengder våpen, eksplosiv, køyretøy og menneske mellom Irak og Syria.

Qurashi var offiser i den irakiske hæren under Saddam Hussein sitt styre. Seinare var han aktiv i den irakiske delen av Al Qaida-nettverket, før han saman med Abu Bakr al-Baghdadi og fleire andre var med på å danne ISIL, som seinare blei til IS.

I lydopptaket på Internett ber Abu Mohammed al-Adnani også muslimar om å erklære jihad, heilag krig, mot Russland og USA, fordi dei ifølgje han fører ein korsfararkrig i Midtausten.

LES OGSÅ: Al Qaida-gruppering jaga ut av barnesjukehus etter blodige kampar

– Gå til jihad

– Unge muslimar alle stader, gå til jihad mot russarane og amerikanarane og deira korsfararkrig mot muslimar, seier han blant anna.

Både USA og Russland bombar IS-mål i Syria, og USA er også engasjert i kampen mot IS også i Irak.

IS har teke kontroll over store område i både Irak og Syria, og trass i iherdig innsats frå mange hald i å svekkje posisjonen deira i begge dei to landa, har ikkje IS hatt vesentleg tilbakegang på slagmarka.

SISTE NYTT

Siste nytt