NRK Meny
Normal

USA: Nestleiaren i IS drepen i droneåtak

Nestleiaren i terrorgruppa IS vart drepen i eit droneåtak i Mosul i Irak denne veka, det stadfestar Det kvite hus i USA.

Medlemmer av terrorgruppen Den islamske staten

Medlemmar av terrorgruppa Den islamske staten, IS. No stadfestar Det kvite hus i USA at nestleiaren av gruppa er drepen.

Foto: - / Afp

Nestleiaren i IS, Haji Mutazz, vart drepen i eit droneåtak tysdag 18 august. Det stadfestar Det kvite hus ifølgje fleire internasjonale nyheitsbyrå.

Talsmann for det nasjonale tryggingsrådet i USA, Ned Price, seier at Mutazz vart drepen då ein rakett frå ein drone trefte bilen han sat i, nær byen Mosul nord i Irak.

Mannen er også kjend som Fadhil Ahmad al-Hayali, og hadde ifølgje Det kvite hus ansvaret for transport av våpen, eksplosivar, køyrety og menneske mellom Irak og Syria.

Medieansvarleg for terrorgruppa, Abu Abdullah vart ifølgje Price også drepen i droneåtaket.

Stadfesta død også i fjor

Fleire nyheitsbyrå og nyheitskanalar, blant dei CNN, melde også om at Haji Mutazz var drepen i desember i fjor-

Det viste seg seinare at amerikansk etterretningsteneste hadde tatt feil i identifiseringa den gongen.

Laster Twitter-innhold
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt