Dette blir stadfesta av opposisjonsgruppa The Syrian Observatory for Human Rights (SOHR), som har base i Storbritannia. Gruppa seier det er uklart kva som har skjedd med SIL (Islamsk stat i Irak og Levanten)-opprørarane som oppheldt seg i hovudkvarteret.
ISIL, som også er aktive i Irak og Libanon, hadde hovudkvarteret sitt i eit barnesjukehus i byen. Det skal ha vore fleire hundre av deira krigarar inne i sjukehuset, men det er altså uklart om dei har greidd å flykte.
Kan ha avretta fangar
Soldatar frå Den frie syriske hær og sivile demonstrerte mot ISIL i Aleppo i går.
Foto: STRINGER / ReutersISIL skal ha halde fleire titals fangar i barnesjukehuset, og ifølgje ein del meldingar frå Aleppo skal desse vere sette fri. Andre opplysningar tyder på at ISIL har avretta fangar før dei trekte seg ut av hovudkvarteret.
Det har dei siste dagane vore harde kampar mellom ISIL og andre opprørsgrupper i Aleppo. Så seint som i går kveld sa ein talsmann for ISIL at dei ville knuse rivalane sine og knekkje konspirasjonen mot dei i fødselen.
Denne åtvaringa kom berre få timar etter at leiaren for ei anna gruppe som skal ha band til Al Qaida, Nusra-fronten, bad om våpenkvile, melder BBC.
Denne gruppa skil seg frå ISIL ved at dei først og fremst har fokusert på å styrte det sitjande regimet i Syria, medan ISIL har som hovudmål å opprette ein islamsk stat med sharialover i fleire land i området.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
– Drep utan nåde
Nusra-fronten har også samarbeidd med dei andre opprørsgruppene som er samla i paraplyorganisasjonen Den frie syriske hær. Den frie syriske hær har stilt seg i spissen for eit militært oppgjer med ISIL.
Det var talsmannen for ISIL, Abu Mohammed al-Adnani, som i eit lydopptak oppmoda ISIL-krigarane om å drepe alle leiarar i Den frie syriske hær eller grupper som på nokon måte er knytte til dei.
– Drep dei over alt der de kan finne dei, utan nåde. Det var dei som starta krigen mot oss, derfor er alle medlemer i denne grupperinga legitime mål same kvar dei er, sa han blant anna.
Det er ikkje mogleg å 100 prosent verifisere om det verkeleg var Adnani som snakka på opptaket, men det vart sendt og spreidd på fleire islamistiske nettsider og sosiale nettverk.
Ein soldat frå Den frie syriske hæren inne på sjukehusområdet der ISIL har hatt hovudkvarteret sitt.
Foto: STRINGER / ReutersLES OGSÅ:
LES OGSÅ:
Mange utlendingar
Minst 270 menneske, blant dei 46 sivile, er drepne i denne borgarkrigen i borgarkrigen, dei interne kampane mellom ulike opprørsfraksjonar.
Fleire syriske opprørsgrupper har slått seg saman for å ta knekken på den Al Qaida-tilknytte gruppa ISIL. Mange av krigarane i ISIL er utlendingar, og brutaliteten dei viser har skapt raseri i andre fraksjonar.
Gruppa har blant anna bortført ein ung syrisk lege, for seinare å ha torturert og til slutt teke livet av han.
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ:
LES OGSÅ: