NRK Meny
Normal

IS-leiaren og hans indre sirkel

Denne trioen styrer ei av dei aller mest nådelause og brutale militante gruppene i verda, Den islamske staten. Målet deira er eit verdsomfattande muslimsk kalifat.

Viktige IS-leiarar.

Issjefen Abu Bakr al-Baghdadi og to av dei nærmaste medarbeidarane hans, Omar al-Shishani (t.h.) og Abu Muhammad al-Adnani.

Foto: Scanpix

Angrepet på ei IS-kolonne i Irak søndag ramma truleg ikkje nokon av dei viktigaste rådgjevarane til leiaren Abu Bakr al-Baghdadi. Baghdadi sjølv var truleg ikkje ein gong med i bilkolonnen som vart bomba av irakiske regjeringsstyrkar.

Dei første meldingane gjekk på at Baghdadi og ei rekkje av hans nærmaste medarbeidarar var ramma av angrepet, men mykje tyder på at dei som vart drepne i angrepet ikkje høyrer til den inste krinsen rundt IS-sjefen.

Abu Muhammad al-Adnani

Abu Mohammad al-Adnani.

Talsmann Abu Muhammad al-Adnani er ein av dei nærmaste medarbeidarane til Issjefen Abu Bakr al-Baghdadi.

Foto: - / Afp

Abu Bakr al-Baghdadi støttar seg på ei lita gruppe rådgjevarar, som han stolar fullt og heilt på. Ein av desse er Abu Muhammad al-Adnani, den offisielle talsmannen til IS. Han er overtydd om at IS er på god veg til å følgje opp Guds plan om å etablere ein sterk islamsk stat, eit kalifat, som skal herske over verda.

Adnani er fødd i 1977 i Idlib i Syria. Han har framført dei viktigaste bodskapane til IS, slik som etableringa av eit internasjonalt kalifat. Denne meldinga vart distribuert til verda på fem ulike språk.

Abu Muslim al-Turkmani

Ein annan svært sentral medarbeidar til IS-leiaren er Abu Muslim al-Turkmani. Han var general av rang og hadde ei høg stilling i den irakiske etterretningstenesta under Saddam Hussein. Han har ei viktig rolle som både militær rådgjevar og som ansvarleg for den militære strategien i IS.

Namnet tyder på at han har røtene sine i Iraks naboland Turkmenistan.

Abu Omar al-Shishani

Omar al-Shishani

Omar al-Shishani, opphavleg frå Georgia, er ein av dei viktigaste rådgjevarane til Issjefen Abu Bakr al-Baghdadi.

Foto: Ap

Ein tredje av dei aller mest sentrale medarbeidarane og rådgjevarane til Baghdadi er Abu Omar al-Shishani, som er ein av dei viktigaste militære leiarane til IS i Syria. Han vart fødd i Georgia i 1986, då landet enno var ein del av Sovjetunionen.

Trass sin unge alder har han rykte på seg for å vere ein uvanleg dyktig militær strateg, og han skal ha vore ein av dei viktigaste medarbeidarane til IS-leiaren i fleire år.

IS' øverste leder trolig ikke død

– Blir Baghdadi drept, vil IS holde det skjult

Med i Al Qaida

Abu Bakr al-Baghdadi er leder for terrorgruppen Den islamske stat

Abu Bakr al-Baghdadi er øvste leiar for terrorhæren IS.

Foto: Uncredited / Ap

Abu Bakr al-Baghdadi sjølv er fødd i den irakiske byen Samarra i 1981. Han tok namnet al-Baghdadi etter at han flytta til den irakiske hovudstaden. Al-Baghdadi betyr rett og slett «frå Bagdad».

Dei første åra etter USAs invasjon i Irak var han ein ivrig tilhengjar av terrornettverket Al Qaida. Han var aktiv nok til at USA fatta interesse for han, og etter ei tid vart han arrestert og overført til fengselet Camp Bucca. Seinare vart han sett fri.

Etter kvart braut han med Al Qaida og etablerte ISIL, Den islamske staten i Maghrib og Levanten. Han fekk støtte frå mange desillusjonerte sunnimuslimar i Irak, mange av dei hadde viktige posisjonar i regimet til Saddam Hussein. Samstundes har han også opna for framandkrigarar, slik at IS-hæren har krigarar frå mange land i Europa og Asia.

Seinare skifta organisasjonen namn til IS.

Mistenker IS for terrorangrepet i Ankara

Saudi-Arabia og Tyrkia

Det verkar som om Baghdadi og støttespelarane hans gjekk under radaren til både USA og det sjiadominerte nye styret i Irak dei følgjande åra. Den islamske staten sjokkerte verda då dei i løpet av kort tid tok kontroll over store delar av Irak og skaffa seg eit solid fotfeste i Syria.

«Islam var aldri ein fredens religion. Islam er krigens religion», sa Abu Bakr al-Baghdadi i ein tale som vart publisert 14. mai i år.

Den siste tida har IS retta propagandamaskineriet sitt i stadig sterkare grad mot land som Saudi-Arabia og Tyrkia.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt