NRK Meny
Normal

Varslar nye demonstrasjonar i Burkina Faso

Opposisjonen i Burkina Faso varslar ytterlegare demonstrasjonar for å protestere mot at hæren har tatt over makta i landet. Det herskar fullt kaos om kven som eigentleg leiar Burkina Faso, etter fleire dagar med blodige protestar.

BURKINA-POLITICS/ Lieutenant Colonel Yacouba Isaac Zida of Burkina Faso's presidential guard speaks to anti-government protesters in front of army headquarters in Ouagadougou

Fleire hundre tusen menneske samla seg i gatene i Ouagadougou for å protestere mot landets tidlegare president, Blaise Compaorè, som i går trakk seg og flykta til Elfenbeinskysten.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

BURKINA-POLITICS/ People clean roads after two days of mass protests, in Ouagadougou

I dag har det vore opprydding i gatene i Ouagadougou etter fleire dagar med herjingar.

Foto: JOE PENNEY / Reuters
BURKINA-POLITICS-UNREST

Lobbyen i dette hotellet vart totaløydelagd av demonstrantar.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp
BURKINA-POLITICS-CRISIS

Dagen deretter i Ouagadougou. Oppryddinga er i gang. I morgon kan demonstrasjonane vere i gang igjen.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp
BURKINA-POLITICS-UNREST

Alt som kunne vere av verdi i parlamentet i Ouagadougou vart teken med då demonstrantar plyndra bygget.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

Leiarar av Burkina Fasos sivilsamfunn og opposisjon varslar i kveld at demonstrasjonane i landet held fram i morgon i sentrum av Ouagadougou.

To som seier dei er presidentar

Dei siste dagane har fleire hundre tusen menneske vore ute i gatene i hovudstaden Ouagadougou, og fleire andre byar i Burkina Faso for å vise si misnøye med landets president, Blaise Compaoré.

Compaoré forsøkte å forlenge si tid ved makta ved å føreslå ei grunnlovsendring som opnar for at han kunne regjer vidare. Men i går gjekk presidenten av, etter fleire dagar med veldige demonstrasjonar.

Presidenten i nabolandet Elfenbeinskysten har stadfesta at Compaoré har søkt tilflukt der.

Etter at Compaoré i går annonserte sin avgang har det vore uklart kven som er leiar for landet fram mot eit nyval er gjennomført. Først sa forsvarssjef Honore Traore at han utropte seg sjølv til president, men han har blitt møtt med store demonstrasjonar og skulda for å ha for tette band til nyleg avgåtte Compaoré.

Deretter kunngjorde oberstløytnant Isaac Zida i dag tidleg at han var landets leiar. Landets sivilsamfunn har derimot varsla at dei vil halde presset oppe for å unngå ein militær maktovergangsfase, og det same har Den afrikanske union teke til orde for.

– Må reagere raskt

Opposisjonen meiner det er mykje som tyder på at Traore og Zida no forsøker seg på statskupp, ved å ta over makta i landet utan å bli demokratisk velte.

– For oss er det ikkje eit alternativ at desse massedemonstrasjonane endar opp med å bli eit statskupp. Ved å stille grunnloven til sides prøver Zida å gjennomføre eit statskupp, seier Luc Marius Ibriga til radiokanalen RFI.

Han er president i organisasjonen «Forum des citoyens de l'alternance» (Focal).

– No må sivilsamfunnet og dei demokratiske kreftene i landet reagere raskt, før me hamnar i ein situasjon kor landet er i eit juridisk og konstitusjonelt vakuum, seier Ibriga.

Sat i 27 år

Det er meldt om mange drepne i gatene i Burkina Faso. Kor mange som har mista livet i demonstrasjonane er uklart. Landets parlament vart sett i fyr av sinte demonstrantar på torsdag, og også landets TV-hus vart angripe.

Førebels er det lite som tyder på at demonstrasjonane har roa seg, trass i at presidenten har trekt seg etter 27 år ved makta.

Bukrina Fasos konsul i Norge, Kåre Grønli, trur situasjonen vil roe seg i løpet av dei neste vekene. Han fortel også til NRK at fleire han har snakka med er redde og held seg inne etter fleire dagar med kampar.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt