Hopp til innhold

Massedrapa i Burkina Faso: – Den som bestemmer, er den med våpen

I 2020 fekk sivile utdelt våpen og 14 dagar opplæring av staten for å slå ned på terroren i landet. Tre år seinare er landet i ein valdsspiral.

Kaptein Ibrahim Traore omgitt av soldater i Ouagadougou i oktober 2022, en måned etter kuppet.

Juntaleiar Ibrahim Traore fekk makta i Burkina Faso gjennom eit statskupp i september i fjor.

Foto: VINCENT BADO / Reuters

I slutten av april gjekk sjølvforsvarsstyrken til Burkina Faso inn i landsbyen Karma og drap 136 sivile. Menneskerettsgruppa CISC hevdar også at dei har funne fleire barn blant dei drepne.

Sjølvforsvarsstyrken er oppretta for å gjere livet tryggare for sivile. Men kvifor går dei då til angrep på andre sivile?

– Det er ein lite føreseieleg konflikt. Sivilbefolkninga veit ikkje kva som skjer den neste timen. Den som bestemmer, er den med våpen der og då, seier seniorforskar i Nupi, Morten Bøås.

Sivile vart soldatar på 14 dagar

Burkina Faso har i fleire år slite med islamistiske militante grupperingar. For å sikre tryggleiken til folket lanserte president Roch Marc Christian Kaboré ein ny strategi i 2020:

Kaboré oppretta ein sjølvforsvarsstyrke, som fekk namnet Frivillige til forsvar for fedrelandet, betre kjent som VDP.

Sivile kunne verve seg, få 14 dagar opplæring og utdelt våpen.

VDP sitt formål var å slå ned på dei jihadistiske gruppene, i hovudsak JNIM og ISGS. Desse har begge som mål å vinne territorium, og vinn stadig meir.

Men valden i landet gjekk ikkje ned ved opprettinga av VDP. Tvert imot.

Sivile står i kø for å verve seg til VDP.

Frivillige står i kø for å verve seg til VDP.

Foto: OLYMPIA DE MAISMONT / AFP

Valden har auka

Og den omfattande valden har skapt politisk uro. Burkina Faso har vore gjennom to statskupp sidan Kaboré oppretta VDP.

No er det juntaleiar Ibrahim Traore som er president. Ein del endringar er gjort, men satsinga på dei «sivile soldatane» i VDP har halde fram.

Likevel har valden og terroren auka.

– Ein styrke som VDP gjer det berre verre. Det blir ei ytterlegare omdreiing av valdsspiralen, seier Bøås.

Vitne seier at angriparane i Karma i slutten av april hadde på seg VDP-uniform.

VDP opererer med ein laus og dårleg definisjon av kven fienden er. Ofte med stereotypiar av potensielle terroristar, som unge mannlege fulanarar, seier Bøås.

Fulanarar er ei folkegruppe i Vest-Afrika, i hovudsak nomadar.

Les også 800.000 personer drevet på flukt av terror i Burkina Faso det siste året

Interne flyktninger i Burkina Faso

Det handlar om jord og land

Burkina Faso er nærme ein hungersnaud, og har slite med tørke og matmangel. Det er knappe ressursar i landet, og dette er noko av kjernen i konflikta.

Mykje av konflikten handlar nemleg om tilgang til land. Det nomadiske folket, fulanarane, ønsker å bruke jorda i Burkina Faso til å beite, medan jordbrukarane ønsker å dyrke jorda.

– Med knappe ressursar handlar det om å overleve. Misser bonden avlinga si, svelt han. Viss nomaden med kveg ikkje får beite, døyr kveget, seier Bøås.

Men rettane til fulanarane har ikkje blitt godt varetatt av staten. Det er vanskeleg å regulere eit folk som ikkje er fastbuande.

– Fulanarane vervar seg gjerne til andre militsar enn regjeringsstyrka VDP. Ein finn fulanarar i begge dei to store jihadistorganisasjonane i landet, seier Bøås.

50 drept i Burkina Faso

Burkina Faso har ingen kystline, og er i stor grad avhengig av jordbruk.

Foto: N16426

Mønster i vervinga til VDP og jihadistorganisasjonane

– Det ser ut som eit mønster. Det er meir sannsynleg at jordbrukarar vervar seg til ein regjeringstru milits, som VDP, seier Bøås.

Dette har ført til mykje etnisk vald. Massakrar blir hemna med nye massakrar. Det blir ein evig valdsspiral.

– Under Damiba og Traore har VDP-styrken vakse. Det er ein samanheng mellom auken i VDP og valden i landet.

VDP angrip altså landsbyar der det bur fulanarar. Sjølv om berre enkelte i landsbyen er terroristar, så blir alle som bur der mål for angrepa. Også sivile og barn. Dette var også tilfellet då VDP gjekk inn i landsbyen Karma.

Tørke i Burkina Faso

Burkina Faso har sett ei auke i ørken, som har ført til mindre dyrkbar jord.

Foto: AFP

Sjølvforsvar på både stats- og bakkenivå

I tillegg er det tradisjon for sjølvforsvar på bygda. Det er mykje våpen i omlaup, og folk lever i stor uvisse om kva framtida bringar.

Den burkinske organisasjonen CISC jobbar med å kartlegge massakrane, for å forstå kvifor det skjer og samtidig mobilisere til motstand.

Etter massakren i Karma kom dei med ei ny oppmoding til burkinske folk om å stå opp mot utviklinga som er skadeleg for Burkina Fasos rykte, men også for samhaldet mellom dei ulike folkegruppene i landet.

Morten Bøås meiner at det no berre finst ei løysing: Forhandlingar mellom staten og terrorgruppa JNIM.

Men førebels er det ingen signal om at nokon av partane ønsker å forhandle.

Les også Ekkoet etter Afrikas Che Guevara høres på grensen til Sahara

Ibrahim Traore poserer foran Thomas Sankara-statuen i Ouagadougou

Hør også:

SISTE NYTT

Siste nytt

Kraftige sammenstøt på universitet i California

Proisraelske og propalestinske studenter går løs på hverandre på universitetsområdet til UCLA. Demonstrasjonene er på kokepunktet i 25 amerikanske byer.

Politiet gjekk inn på universitet med store styrkar

Samstundes som demonstrantane vart arresterte av politiet, vart dei heia fram av unge palestinarar på Gazastripa.

Flere videoer i sosiale medier viser samme hendelse, som alle samsvarer med beskrivelsen av hendelsen, våpenet og området det skjedde. Videoen er verifisert av bl.a. BBC.

Britisk politi: Ein død etter angrep med stikkvåpen i London

Ein 14 år gammal gut døydde etter sverdangrepet i London. Det opplyser britisk politi.