Hopp til innhold

– Berre flaks at eg ikkje vart traumatisert

Sju år gammal vart Sveinung plassert på ein internatskole i Etiopia mens foreldra misjonerte for Jesus i det afrikanske landet.

Sveinung Enstad sammen med mor

Sveinung sakna mor Svanhild. Ho sakna han.

Foto: privat

Det er første skoledag for ein lyslugga gut frå Noreg, hausten 1981.

Sveinung har gledd seg, men han er spent og. Det har han gode grunnar til.

Han skal bu på ein internatskole i lag med andre barn av misjonærar. Skolen ligg i hovudstaden Addis Abeba, om lag 320 kilometer frå foreldra sitt hus i byen Yirga Alem.

Sveinung får ein fin start, men inntrykka er mange. Når sjuåringen legg seg den første kvelden har han mykje å fortelje.

Men foreldra kan ikkje høyre han. Dei er ikkje der.

Sveinung Enstad, Ole Harald Neergård og Kjetil Enstad ved porten inn til internatskolen i Addis Ababa, Etiopia.

Tre unge romkameratar i porten til internatskolen i Addis Abeba. Frå venstre Sveinung Enstad, Ole Harald Neergård og Kjetil Enstad.

Foto: privat

Eit sårt sakn

På 1950-talet etablerte Norsk Luthersk Misjonssamband (NLM) internatskolar for misjonærbarn rundt omkring i verda. Dei låg ofte langt unna der foreldra levde og jobba.

Det var ikkje uvanleg at barna såg foreldra sine berre 3–4 gonger i året.

Vaksne misjonærbarn fortel no om traume frå tida som misjonærbarn, og kritiserer NLM for at dei ved fleire høve har nekta å ta på seg ansvaret.

Sveinung Enstad budde på internatskole eit drygt halvår frå han var sju. Minna er få, men da hans eigen son begynte på skolen hausten 2010, fekk Sveinung ein vond assosiasjon.

Kroppen hans hugsa eit sakn som hjernen hadde gløymt.

Sveinung Enstad ser i eit album

Sveinung såg seg sjølv i sonen da han begynte på skolen.

Foto: Jørgen Leangen / NRK
Sensommer og skolestart i Trondheim i 2004

Sveinung sin son Vemund på første skoledag i Trondheim i 2010.

– Han var så lik meg! Det vart så ille å tenke på korleis det ville ha vore å sjå kvarandre berre nokre få gonger i året, fortel far Sveinung.

Tilbake i 1981 budde foreldra til Sveinung ei dagsreise frå internatskolen han gjekk på. Trass saknet etter dei var han likevel ikkje einsam, for storebror Kjetil gjekk der han og.

Brørne hadde kvarandre, men det hjelpte ikkje alltid på heimlengsla. Mor deira fortel at spesielt Kjetil kjende mykje på saknet etter foreldra. Særleg om kveldane og nettene.

Men det var ikkje berre brørne som tenkte mykje på foreldra. Mor og far Enstad lengta også etter gutane. Dei forstod fort at avstanden til skolen ville bli like tung som vegen var lang.

Brørne Sveinung og Kjetil Enstad i Etiopia

Å vere to var ei trøyst. Brørne var ofte kledt i same slags klede.

Foto: privat

Les også Biskop mener vi må slutte å skremme folk med en fryktelig visjon om helvete

Herborg Finnset, biskop i Nidaros bispedømme. Til høyre i bakgrunnen kan vi se preses i Den norske kirke, Olav Fykse Tveit. Bildet er tatt i forbindelse med vigslingen av ny katolsk biskop i Trondheim katolske stift 031020.

Mor og far sitt kall

Sjølv om det var NLM som bestemte korleis familien Enstad skulle bu og arbeide i Etiopia, var det foreldra sitt eige val å reise dit.

Eller var det?

Far Bjørn og mor Svanhild hadde ei tilknyting til ein av leiarane i Misjonssambandet. Da organisasjonen bad dei om å reise, vart det vanskeleg å takke nei.

Med Gud som fundamentet i livet, kjende dei det som eit kall. Som ei oppgåve frå Gud sjølv.

Menneska i Misjonssambandet tok Jesu ord om misjonsbefalinga på alvor. Det var han som i skrifta oppmoda dei til å reise ut og fortelje alle folkeslag om kristen tru og liv.

Slik gjekk det til at eit avsnitt i Bibelen vart viktigare enn bandet mellom misjonærane og barna deira.

Familien Enstad. Far Bjørn, veslebror Gisle, Sveinung, storebror Kjetil og på mor Svanhilds fang veslesyster Frøydis.

Familien Enstad med far Bjørn, veslebror Gisle, Sveinung, storebror Kjetil, og veslesyster Frøydis på mor Svanhild sitt fang.

Foto: privat

Ofra i Jesu namn

Etter kvart som misjonærbarna har blitt vaksne, har fleire stått fram og fortalt om opplevingar av omsorgssvikt. I Øystein Stenes podkast «Misjonærbarna» deler nokre av dei historier om at dei vart fysisk og mentalt vanskjøtta.

Søskenparet Anne Marit Naustvik og broren Jarle Naustvik deler si historie i serien. Dei budde på ein internatskole i Nairobi i Kenya. Foreldra såg dei berre 2–3 gonger i året.

– Vi hadde liten vaksenkontakt, og blant ungane var det den sterkaste sin rett som galdt, fortel storesyster Anne Marit.

Søskenparet har saman med ein tredje person starta foreininga «Sendt bort». Målet deira er å samle misjonærbarna til ei sterk stemme.

– Vi ønsker ein konstruktiv dialog med Misjonssambandet rundt ei rettvis oppreising, seier Jarle Naustvik.

Anne Marit og Jarle Naustvik i Kompass

Du kan høyre historia til Misjonærbarna Anne Marit og Jarle Naustvik fortel om livet som misjonærbarn i Kompass på NRK P2.

NLM laga systemet som heldt barn og foreldre frå kvarandre. Likevel har organisasjonen ved fleire høve nekta å ta på seg ansvaret for misjonærbarna si kjensle av omsorgssvikt.

Det har auka mange misjonærbarn si kjensle av at NLM meinte det var greitt at dei vart ofra for misjonen.

Gunnar Bråthen er noverande generalsekretær i Misjonssambandet.

I et intervju til NRK er han audmjuk når han erkjenner at misjonærbarn ikkje har blitt møtt på ein god nok måte av organisasjonen han leier.

– Separasjonen frå foreldra har for mange vore traumatisk, bekreftar Gunnar Bråthen i NLM.

Generalsekretær i Misjonssambandet Gunnar Bråthen

– Ansvaret for familie og barn skal komme før misjonærkallet, seier Gunnar Bråthen om kva dei legg vekt på i dag.

Foto: Tom Balgaard / NRK

Eigenrådige foreldre

Hausten 1981 hadde familien Enstad vore i Etiopia i 3 år. Far Bjørn arbeidde som lege for misjonen. Mor Svanhild styrte heimen, og hadde nett fødd deira fjerde barn.

Dei treivst med oppgåvene og venene i misjonen, men kompetansen til far Bjørn var etterspurd. Gong på gong vart han kommandert til å reise til andre stader, langt frå familien, og kunne bli borte i lang tid.

Det tæra hardt på familien at dei ikkje fekk vere i lag. Dei hadde ei sterk kjensle av at Misjonssambandet meinte misjonen var viktigare enn familien.

Mor og far Enstad meinte tvert om, at familien var viktigare enn misjoneringa. Dei tok eit uvanleg val og forlét Etiopia våren 1982.

Men det var noko meir enn dei eigenrådige foreldra som gjorde at det gjekk bra med Sveinung og Kjetil, trass tida på internatskolen.

Kjetil og far Bjørn Enstad

Far Bjørn ville helst at familien skulle vere i lag.

Foto: privat

Les også Den tidlegare pastoren skjemmest for at han lytta taust til negative kommentarar om skeive

Tor Håkon Eiken er far til Emilie Nancy Eiken

Flaksen på internatet

Sjølv om dagane på internatet bestod i å lære og leike med vener, hang heimlengsla stadig over gutane.

Veke etter veke utan kontakt med foreldra var eit faktum. Telefon fanst ikkje.

– Systemet var ikkje laga for at ungane skulle få ein trygg og god oppvekst, fortel Sveinung Enstad.

– Det er berre flaks at eg ikkje vart traumatisert, held han fram.

Årsaka?

Mellom anna ei kvinne dei kalla tante Ågot. Ho var husmor på internatet på denne tida.

– Vi opplevde Ågot Beisland som eit raust og varmt menneske, seier Sveinung.

Under heile opphaldet på internatskolen hadde brørne tilgang på dette mennesket som fungerte som ei slags reservemor.

Om det ikkje hadde vore for ho, kunne dei sjelelege spora fort ha blitt store for brørne Enstad.

Sveinung Enstad

Både Sveinung, bror Kjetil og foreldra hugsar "Tante Ågot" som eit oppkomme av humør og omsorg.

Foto: Jørgen Leangen / NRK
Ågot Beisland eller "Tante Ågot" som ho vert kalla.

Ågot var eit menneske som gjorde det trygt å vere skolebarn på internatet i Yirga Alem i Etiopia.

Foreldra til barna i saka er kjent med at NRK omtaler tema.

Les også Michael Stilson hjalp farfaren med å dø: – Han ba om å få slippe

Michael Stilson