Hopp til innhold

– Ein million i demonstrasjonstog i Ouagadougou

Burkina Fasos president prøver å endre på landets lovar, slik at han kan stille til val på ny. Det har ført til tåregass, steinkasting og raseri i Ouagadougous gater. Opposisjonen trur ein million menneske kan ha delteke i demonstrasjonane.

BURKINA-POLITICS-PROTEST

Tåregass og steinkasting prega dagen i Burkina Fasos hovudstad i dag. Mange er misnøgde med presidentens planar om å endre lovane, slik at han kan sitte lengre.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp

BURKINA-POLITICS/ Protesters gather at the Place de la Nation in Ouagadougou

Med vuvuzelaar vart det liv i gatene i Ouagadougou. Så mykje som ein million menneske kan ha vore ute i gatene, seier opposisjonen.

Foto: JOE PENNEY / Reuters

Politiske protester i Burkina Faso 2014

Det var særskild mange yngre burkinarar som tok til gatene i protest.

Foto: ISSOUF SANOGO / Afp
BURKINA-POLITICS-OPPOSITION-DEMO

Zephirin Diabre er ein av opposisjonsleiarane. Han meiner demonstrasjonane er ein stor suksess, og at det er på tide for presidenten å gi seg.

Foto: AHMED OUOBA / Afp
BURKINA-POLITICS-GOVERNMENT

President Blaise Compaoré (til høgre) prøver å endre lovane i Burkina Faso, slik at han kan sitte endå lengre ved makta. Her er presidenten i møte med opposisjonsleiarar tidlegare i haust.

Foto: AHMED OUOBA / Afp

– Blaise, kom deg ut, ropar demonstrantane.

Blaise Compaoré har vore president i Burkina Faso i 27 år, men synest ikkje det er nok. No har han føreslått å gjennomføre ei folkerøysting som kan opne for at han kan stille til val på ny, og dermed kunne bli president i nok ein periode.

– Nasjonen eller døden

Hans forslag om å endre på landets lovar har ikkje blitt godt motteke av folket i Burkina Faso, og i landets hovudstad har mange tusen demonstrantar vore ute i gatene den siste veka.

Opposisjonsleiarar meiner at det kan ha vore så mange som oppunder ein million demonstrantar i gatene i Ouagadougou.

– Vår protesttog er allereie ein stor suksess. Fenomenalt. Vår kamp har gått inn i siste fase. Det er no eller aldri. Nasjonen eller døden, sa opposisjonsleiar Zephirin Diabre, ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Nokre av demonstrantane skal ha sett fyr på dekk og kasta stein mot politiet, som svara med tåregass då demonstrantane kom for nær landets parlament.

Fryktar 15 nye år med same president

Skular og universitet blir haldne stengt på grunn av dei store demonstrasjonane, og hovudvegane inn til hovudstaden vert blokkerte av rasande ungdommar. Store folkemengder hadde også samla seg i sentrum av byen, der dei blåste i fløyter og vuvuzelaar.

Compaore var berre 36 år gamal då han tok over makta i Burkina Faso i 1987, som fram til 1984 gjekk under namnet Øvre Volta. Sidan den gong har han haldt fast ved makta i landet, og blitt velt om att som president ei rekkje gonger.

Men i 2005 vart det innført endringar i landets grunnlov, som førte til at ein president berre kan sitte i to femårs periodar. Og Compaore har snart gjennomført sine to periodar, etter at lovane vart endra, og skal eigentleg finne noko anna å drive på med frå 2015.

No fryktar opposisjonen at presidentens nye lovforslag skal føre til at Compaore kan bli sittande ved makta i heile 15 år til. Og difor har dei tatt initiativ til å blokkere landets parlament, slik at ikkje handsaminga av lova kan skje.

Frankrike trugar med sanksjonar

Det er særskild den yngre delen av folket i Burkina Faso som misliker at presidenten vil endre lovane. Og heile 60 prosent av folket er under 25 år.

Med andre ord har minst 60 prosent av folket levd heile sitt liv under ein og same president, og landet er framleis blant dei fem minst utvikla landa i verda ifølgje FN sin levekårsindeks. Mange ønskjer no endring.

– Det er over for Blaise Compaoré. Mannen har hatt makta i 27 år, og me kan framleis ikkje kjøpe ein sekk med ris med den løna me har, seier ein ungdom den franske radiokanalen RFI.

Også tidlegare kolonimakt Frankrike har reagert på Compaoré sine planar. Frankrikes president François Hollande har sendt brev til Compaoré og bede han om å respektere Den afrikanske union statuttar om at afrikanske leiarar ikkje skal forsøke å forlenge si tid ved makta.

Å bryte statuttane kan føre til sanksjonar, trugar den franske presidenten. Frankrike har framleis tette band til Burkina Faso, og har tusenvis av soldatar utplassert i landet, som grensar til Mali, der Frankrike lenge har kjempa ein kamp mot islamistiske grupper.

Det er førebels ikkje kjent kva president Compaoré tenkjer om dei store protestane mot han.

SISTE NYTT

Siste nytt