NRK Meny
Normal

USA stengte hemmeleg datanettverk

Det amerikanske utenriksdepartementet melder at dei har stengt tilgangen til nettstaden dei trur lekkasjane til Wikileaks kjem frå.

Philip Crowley

Talsmann for utanriksdepartementet Philip Crowley opplyser USA har stengt hemmelege nettverk og databasar.

Foto: PAUL J. RICHARDS / AFP

Bradley Manning

Bradley Manning er mistenkt for å stå bak lekkasjane til Wikileaks.

Foto: Ap

Forsvaret mistenkjer at dokumenta som er lekka frå Wikileaks kjem frå ein av deira databasar.

Dei har no stengt tilgangen til databasen og til eit lukka datanettverk, melder nyheitsbyrået AFP.

– Vi har stengt tilgangen til denne databasen og eit nettverk ei stund, seier talsmann for utanriksdepartementet Philip Crowley.

Han nekta å kommentere kva for eit nettverk det var snakk om, men ein annan talsperson seier at det er det militære nettverket SIPRNet.

Hemmeleg nettverk

SIPRNet er datanettverket for utanriksdepartementet og forsvarsdeperatementet i USA.

Det fungerer som eit stengt intranet for transport av materiale som ikkje skal bli offentleggjort, og som derfor ikkje bør bli transporterte i offentleg tilgjengelege system.

Materialet er gradert til og med det amerikanske graderingsnivået hemmeleg, ifølgje NTB.

Det finst også ein måte å frakte dokument med høgare sikkerheitsgrad enn dette. Det blir frakta på Joint Worldwikde Intelligence System.

Mistenkjer 23-åring

Ein 23 år gammal soldat og tidlegare sikkerheitsanalytikar blir nemnd som mogleg kjelde til lekkasjane av dei mange tusen dokumenta.

Bradley Manning er fengsla på ein marinebase i Virginia, mistenkt for å ha spreidd ein videofilm av eit helikopterangrep i Irak der mange menneske vart drepne.

USA har ikkje ønskt å seie om han også er mistenkt for den siste lekkasjen til Wikileaks. Han ser derimot ut til å kople seg sjølv til dette.

– Lat oss seie at nokon eg kjenner veldig godt, har gått inn i amerikanske, klassifiserte nettverk og overført data til ein gal, kvithåra australiar, som ikkje ser ut til å vere i stand til å bli i eit land lenge om gongen, seier Manning til magasinet Wired.

Mannen han siktar til er Julian Assange, grunnleggjaren av Wikilieaks.

Julien Assange

Julien Assange står bak offentleggjeringa av mange tusen dokument.

Foto: JENS BUTTNER / Afp

Ville avsløre sanninga

Manning fekk jobb i dei væpna styrkane til USA i 2007. To år seinare vart han send til Irak som etteretningsanalytikar.

Han skal då ha strevd med å tilpasse seg dei simple oppgåvene han fekk. Frustrasjonen skal han mellom anna ha lufta på Facebook-sida si, ifølgje BBC.

Manning hadde tilgang til SIPRNet, sjølv om han ikkje var spesielt høgt sikkerheitsklassifisert. Det er derfrå han skal ha henta dokumenta.

Ifølgje magasinet Wired var motivet hans å avsløre sanninga.

– Utan informasjon kan ikkje folk gjere informerte val, seier han.

Les: Clinton fordømmer lekkasjene | Regjeringen tar sterkt avstand fra Wikileaks-avsløringer

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt