Hopp til innhold

- Kan skade USA alvorleg

USAs president Barack Obama fryktar at WikileakS-avsløringane vil ha svært negativ innverknad på USA sitt forhold til andre land.

Barack Obama

USAs president barack Obama er sterkt uroa over lekkasjane.

Foto: SAUL LOEB / AFP

- Vi reknar med at dette kan øydeleggje for uformelle diskusjonar med regjeringar i andre land. Diplomatiske rapportar i USA har tradisjon for å vere svært opne, men inneheld også ufullstendig informasjon, heiter det i ei fråsegn frå pressesekretæren i Det kvite hus.

Det som kjem fram i desse rapportane er ikkje uttrykk for amerikansk politikk, og det er slett ikkje alltid desse rapportane resulterer i politiske avgjerder, heiter det i frå Det kvite hus, heiter det vidare.

LES OGSÅ: Slik ble 250.000 av USAs hemmelige dokumenter lekket

- Svært pinleg for USA

Anders Tvegård

- Dette er svært pinleg for USA, seier USA-korrespondent Anders Tvegård.

Foto: NRK

- Ingen av meldingane som no er publiserte var klassifiserte som strengt hemmelege, men det er likevel svært pinleg for USA at desse opplysningane kjem ut, seier NRKs USA-korrespondent Anders Tvegård.

Han seier at lekkasjane viser at diplomatar ofte er taktfulle og verdskloke i offentlege samanhengar, men at dei kan vere nådelause bak lukka dører.

Tvegård fortel at utanriksminister Hillary Clinton i helga har ringt dei det går hardast utover at USAs nærmaste allierte og samarbeidspartnerar. Ho har førebudd dei på lekkasjen i eit forsøk på å drive brannslokking.

- Ho vil få ein første smak på kor stor skade avsløringane har gjort når ho i dag innleier ein rundtur i Sentral-Asia og Midtausten, seier Tvegård. Han viser til at ho skal delta på OSSE-toppmøtet i Kasakstan, der fleire av statsleiarane som får passet sitt påskrive i dei lekka dokumenta, også deltek.

Hillary Clinton

Hillary Clinton har brukt helga på å drive brannslokking.

Foto: PAUL RICHARDS / AFP

LES OGSÅ: – Få slutt på Irans atomvåpenplaner i 2010, ellers?

LES OGSÅ: – Putin og Medvedev er «Batman og Robin»

- Øydeleggjande

Det går vidare fram at Barack Obama og administrasjonen hans fryktar at det som no har kome fram kan øydeleggje forholdet til ikkje berre andre land sine regjeringar, men også til opposisjonen i desse landa.

- Når innhaldet i private samtalar kjem på førstesida i aviser over heile verda, skadar det ikkje berre USA sine utanrikspolitiske interesser, men også interessene til våre vener og allierte over heile verda.

Det blir også peikt på at lekkasjane kan innehalde namna på menneske som lever i land med undertrykking, som arbeider for opnare og friare samfunn. Dette gjeld spesielt namngitte personar som har kome med informasjon til USAs ambassadar, men også bloggarar og journalistar.

LES OGSÅ: – Iran fikk raketter av Nord-Korea

LES OGSÅ: Ba diplomatene spionere på FN

- Ved å offentleggjere stolne hemmelege dokument, har Wikileaks ikkje berre sett arbeidet for menneskerettar tilbake, men også gjort at personar som arbeider for menneskerettar no er i livsfare.

- Omsynslaust og farleg

- President Barack Obama går inn for å ha ei open politisk line både på heimebane og i forholdet til andre land, men desse omsynslause og farlege lekkasjane er med på å øydeleggje dette. Vi tek på det sterkaste avstand frå offentleggjeringa av hemmelege dokument og sensitiv informasjon om den nasjonale tryggleiken, heiter det i fråsegna frå pressesekretæren i Det kvite hus.

SISTE NYTT

Siste nytt