Hopp til innhold

Trump: – Må vi bruke makt mot Nord-Korea, så gjer vi det

– Vi har ikkje erklært krig mot Nord-Korea, men må vi bruke makt, så gjer vi det. Alle nasjonar må gå saman og isolere regimet i landet, seier presidenten i USA, Donald Trump.

US-SPAIN-POLITICS-TRUMP-RAJOY

Donald Trump tok imot den spanske statsministeren, Mariano Rajoy i Det kvite hus tysdag.

Foto: SAUL LOEB / AFP

Trump kommenterte det spente forholdet til Nord-Korea under eit pressemøte utanfor Det kvite hus tysdag. Trump rosa Tryggingsrådet i FN for å ha vedtatt skjerpa sanksjonar mot Nord-Korea. Han rosa også Kina for innsatsen landet har gjort for å bidra til å finne løysingar på konflikten.

Donald Trump står på talerstolen i FN

President Donald Trump langa ut mot Nord-Korea då han heldt sin første tale i FN-hovudkvarteret i New York.

Foto: TIMOTHY A. CLARY / AFP

– Ein militær konfrontasjon er andrevalet. Men dersom vi blir nøydde til å velje den løysinga, vil det bli øydeleggjande for Nord-Korea. Kim Jong-un opptrer heilt forkasteleg. Det vi gjer, er ein reaksjon på det han seier, ifølgje Trump.

Finansminister Steven Mnuchin annonserte tysdag at USA utvidar straffetiltaka mot Nord-Korea på grunn av det nordkoreanske missil- og kjernevåpenprogrammet.

Krass ordkrig

Ordbruken i Nord-Korea-konflikten er blitt tøffare og tøffare den siste tida. Tysdag for ei veka sidan trua president Donald Trump med «total øydelegging» av regimet til det han kalla «rakettmannen som er på sjølvmordsoppdrag». Han kom med utsegna under hovudforsamlinga i FN

Og laurdag svarte utanriksministeren i Nord-Korea, Ri Yong Ho, med at med at «eit angrep på det amerikanske fastlandet er uunngåeleg».

Det er lenge sidan partane i ein stor internasjonal konflikt har trua kvarandre så direkte frå talarstolen i FN.

Kim Jong-un

Den øvste leiaren i Nord-Korea, Kim Jong-un kallar Donald Trump «senil» og «sinnsforvirra».

Foto: AP

I løpet av veka kommenterte også øvste leiar i Nord-Korea, Kim Jong-un, Donald Trump sin FN-tale. Han kalla Trump sinnsforvirra og senil.

Ordkrigen har halde fram denne veka. Måndag sa den nordkoreanske utanriksministeren at det Trump har sagt, er ei krigserklæring, og han trua med at Nord-Korea vil skyte ned amerikanske bombefly, uavhengig av om dei er i nordkoreansk luftrom eller ikkje.

Ri Yong-Ho

Utanriksminister Ri Yong-ho seier USA har erklært krig mot Nord-Korea og truar med å skyte ned amerikanske fly.

Foto: Shannon Stapleton / Reuters

USA: – Absurd

Det kvite hus kalla påstandane om at USA har erklært krig mot Nord-Korea for absurde.

Tysdag melde det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap at Nord-Korea har flytta på fly og styrkt forsvaret på austkysten av landet.

Two U.S. Air Force B-1B Lancer bombers fly from Guam, into Japanese airspace and over the Korean Peninsula

Amerikanske bombe- og jagarfly flaug laurdag over det internasjonale luftrommet aust for Nord-Korea, ifølgje forsvarsdepartement i USA.

Foto: Handout / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt