Hopp til innhold

Grunnlovsdomstolen i Egypt: Ingen kan oppheve våre avgjerder

Den egyptiske grunnlovsdomstolen har gjort det klart at avgjerda om å oppløyse parlamentet er bindande, og at presidenten ikkje har rett til å endre det dei har bestemt.

Morsy tas i ed i Egypt

Egypts nyvalde president Mohamed Morsi har utfordra grunnlovsdomstolen og militærrådet.

Foto: Ap

I kveld kom også det mektige militærrådet med det som blir tolka som ei åtvaring til presidenten, om at den egyptiske grunnlova må respekterast av alle.

- Kan ikkje ankast

I ei kunngjering frå rådet heiter det også at det å oppløyse parlamentet var ei avgjerd grunnlovsdomstolen tok, utan press frå militærrådet.

Fråsegna i kveld er den første reaksjonen frå militærrådet sidan president Mohamed Morsi i går bad parlamentet kome saman igjen.

Dermed er det full strid mellom grunnlovsdomstolen og dei militære på den eine sida, og den nyvalde presidenten og det oppløyste parlamentet på den andre.

- Alle dommar og avgjerder i grunnlovsdomstolen er endelege og kan ikkje ankast. Dei er bindande for alle statlege institusjonar, heiter det i avgjerda frå domstolen.

I strid med domstolen

Mohamed Morsi (t.h) og leiaren for grunnlovsdomstolen, Frouk Sultan.

Handtrykk mellom leiaren for grunnlovsdomstolen, Fraouk Sultan (t.v.) og president Mohamed Morsi 30. juni under presidentinnsetjinga.

Foto: HANDOUT / Reuters

Det var i går at den nyvalde presidenten, Mohamed Morsi, sende ut eit dekret der han bad det oppløyste parlamentet om å samlast igjen, stikk i strid med det grunnlovsdomstolen avgjorde 14. juni.

Grunngjevinga for oppløysinga er at valet var halde i strid med den egyptiske grunnlova, og at det såleis ikkje kan godkjennast.

No er det store spørsmålet: Har ein president rett til å overprøve ei avgjerd frå grunnlovsdomstolen?

Fleire observatørar er overraska over at Morsi vel å ta denne kontrontasjonen med grunnlovsdomstolen og militærrådet så kjapt etter at han vart innsett 30. juni.

LES OGSÅ: Mohamed Morsi utfordrar Egypts mektige militærråd

LES OGSÅ: – Folkets makt står øverst

Parlamentet innkalla tysdag

Tidlegare i dag varsla leiaren for det oppløyste parlamentet, isalmisten Saad el-Katani, at parlamentet skal samlast igjen i morgon tysdag kl. 14.

Avgjerda i grunnlovsdomstolen i dag om at opløysinga av parlamentet er endeleg, vart lesen opp i ei kort melding på det egyptiske statlege fjernsynet i ettermiddag.

President Mohamed Morsi tilhøyrer Den muslimske brorskapen, ei islamistisk rørsle som var forboden under styret til Hosni Mubarak. Ved parlamentsvalet i januar i år fekk Den muslimske brorskapen og andre islamistiske parti eit klart fleirtal i den nye nasjonalforsamlinga.

LES OGSÅ: – Blir Morsis nye forsvarsminister

LES OGSÅ: – Kvinnelig visepresident i Egypt

Vil ha ny grunnlov

Mohamed Morsi vil at det oppløyste parlamentet skal samlast igjen for å sy saman ei ny grunnlov, og at det så skal haldast nyval innan 60 dagar etter at den nye lova er godkjend.

Det er no duka for ein ny maktkamp i Egypt, og politiske observatørar i landet fryktar ein ny ustabil periode og nye valdshandlingar.

Trass i at den nyvalde presidenten har utfordra dei mlitære sin maktposisjon, stod Mohamed Morsi side og side med dei militære leiarane i landet under ein militær seremoni i dag i Kairo. Morsi stod ved sida av den øvste leiaren for militærrådet, feltmarskalk Mohamed Hussein Tantawi under seremonien.

LES OGSÅ: Hvilket Egypt kan verden vente seg?

LES OGSÅ: Hevder Morsi-intervju om Iran er falskt

LES OGSÅ: Tusener demonstrerer i Kairo

SISTE NYTT

Siste nytt