NRK Meny
Normal

Mohamed Morsi utfordrar Egypts mektige militærråd

Egypts nyvalde president Mohamed Morsi har bede nasjonalforsamlinga, som vart oppløyst av militærrådet i juni, om å kome saman igjen.

Brorskapet erklærer seier i Egypt

Islamisten Mohamed Morsi, nyvald president i Egypt, utfordrar det mektige militærrådet.

Foto: ASMAA WAGUIH / Reuters

Den statlege fjernsynskanalen MENA melder at miitærrådet. som har styrt Egypt etter at Hosni Mubarak vart tvungen til å gå av, i kveld heldt eit krisemøte for å diskutere det det uventa utspelet frå presidenten.

Nasjonalforsamlingen i Egypt

Den egyptiske nasjonalforsamlinga er dominert av islamistiske parti.

Foto: Khaled Elfiqi / Ap

Mohamed Morsi tok over makta i Egypt i ein seremoni 30. juni, men før dette hadde militærrådet overteke ein del lovgivande fullmakter som parlamentet skulle ha hatt.

– Tok fullmakter frå generalane

Ein politisk analytikar som nyheitsbyrået Reuters har snakka med seier at Morsi med dette grepet har teke frå generalane desse fullmaktene og gitt dei tilbake til parlamentet.

Den muslimske brorskapen har saman med andre islamistar har eit dominerande fleirtal i underhuset i nasjonalforsamlinga.

Morsi, som sjølv tilhøyrer Den muslimske brorskapen, ber om at det gamle parlamentet blir sitjande til det er halde nyval, og at det skal skje så snart ei ny grunnlov er klar.

LES OGSÅ: – Folkets makt står øverst

LES OGSÅ: – Kvinnelig visepresident i Egypt

Krangel i parlamentet

Før militærrådet oppløyste nasjonalforsamlinga viste det seg å vere svært vanskeleg å få til eit samarbeid mellom islamistane og dei andre grupperingane om å lage ei ny grunnlov.

Analytikaren Sahid Hamid frå Brookings Doha Center seier det slik:

– Dei militære ville oppløyse parlamentet, men presidenten er ikkje samd i dette. No må dei finne eit kompromiss, eller så går det mot ein konfrontasjon. Begge sider må gi etter.

LES OGSÅ: Hvilket Egypt kan verden vente seg?

LES OGSÅ: Hevder Morsi-intervju om Iran er falskt

I strid med grunnlova

Det var 14. juni i år at militærrådet oppløyste parlamentet. Grunnen som vart oppgitt var at valet var gjennomført i strid med grunnlova. Dei islamstiske partia har nekta å godta denne avgjerda.

LES OGSÅ: Mohamed Morsi valgt til president

LES OGSÅ: Tusener demonstrerer i Kairo

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt