NRK Meny
Normal

Tid for opprydding i Brisbane

Vassmengdene er på retur i den australske byen Brisbane, og no er all energi sett inn på å rydde opp etter flaumen.

Soldatar frå den australske hæren arbeider side og siden med frivillige for å rydde opp etter den øydeleggjande flaumen som har ramma den australske storbyen. heile 22.000 frivillige deltek i arbeidet, melder nyheitsbyrået AFP.

Det er gjort skade for fleire milliardar australske dollar i byen. Restar av øydelagde hus, møblar og andre ting ligg over alt etter flaumen, så det er hardt arbeid å rydde opp.

Flaumen har ramma eit område av Australia like stort som Frankrike og Tyskland til saman dei siste veke.

Politiet leitar framleis etter sakna menneske etter flaumen, som er den verste på svært lenge i landet.

LES OGSÅ: Brisbane er dekket av gjørme

LES OGSÅ: Derfor flommer Australia over

LES OGSÅ: – Jeg har sett flere hus hvor vannet dekker taket

LES OGSÅ: – Det er alltid en sammenheng mellom flommer

LES OGSÅ: Flomtoppen er nådd i Brisbane

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt