Hopp til innhold

Steven (13) tvungen på flukt etter massakre

– Møtet med Steven gjorde noko med meg. Han miste heile familien sin og flykta åleine til Sudan, der han takka vere internasjonal hjelp no får mat, tak over hovudet og skulegang, seier Martha Rubiano Skretteberg.

Den 13 år gamle flyktningen Steven.

Steven (13) måtte flykte til nabolandet Sudan, etter at store delar av familien hans vart massakrerte.

Foto: Caritas

Generalsekretæren i hjelpeorganisasjonen Caritas har akkurat kome heim til Oslo frå eit opphald i Sør-Sudan, eit land som opplever ei krise utan sidestykke . Det er alvorleg matmangel, politisk kaos, etniske konfliktar og millionar av menneske på flukt.

På besøk i ein flyktningleir utanfor hovudstaden Khartoum i Sudan møtte ho 13-åringen frå Malakal i Upper Nile i Sør-Sudan. Han fortalde at ei væpna gruppe kom til landsbyen og varsla familien at dei hadde to dagar på seg til å forlate huset.

Far drepen – mor sakna

Den 13 år gamle flyktningen Steven.

13 år gamle Steven er glad for at han no får gå på skule i flyktningleiren.

Foto: Caritas

Men dei venta ikkje så lenge. Dei væpna mennene byrja å skyte, og faren og fleire av søskena til Steven vart drepne. Mora flykta, ei av systrene kome seg unna i ei anna retning, og Steven vart verande att åleine.

– Sultkatstrofen i Sør-Sudan er menneskeskapt

FN: Verden står overfor den verste krisen på over 70 år

Han veit ikkje kva som har skjedd med mora og systera, om nokon av dei er i live.

– Han fortalde at han leitte etter mora i fleire dagar, utan resultat. Han såg mange døde menneske rundt om i landsbyen. Dei vart ikkje henta og vart mat til gribbane. Alle flykta frå landsbyen. Til slutt gav han opp og fekk hjelp til å krysse grensa til Sudan. Han hamna i Khartoum og ein flyktningleir som blir driven av ein lokal organisasjon som Caritas støttar, fortel Martha Skretteberg.

Her får Steven skulegang. Undervisninga går føre seg utandørs, på ei open slette like ved motorvegen. Det er kummerlege forhold, men det er stor lærevilje blant flyktningane. Lærarane fortel at Steven er svært flink på skulen.

Norge krever at Sør-Sudan stopper «kynisk» avgift for hjelpearbeidere

Folkets hans sulter, men Sør-Sudans president og hans lederskap er alle blitt milliardærer

Martha Skretteberg og Steven.

Martha Skretteberg i samtale med den 13 år gamle flyktningen Steven.

Foto: Caritas
Flyktningleir i Khartoum.

Flyktningar frå Sør-Sudan får undervisning i ein leir like utanfor Khartoum i Sudan.

Foto: Caritas

Den unge generasjonen

Det er den unge generasjonen som er håpet til Sør-Sudan, meiner Martha Skretteberg. Hatet og mistilliten mellom folkegruppene i landet stikk så djupt at det truleg vil bli ei nesten umogleg oppgåve å få til fred slik situasjonen er no.

– Vi må satse på born og ungdom. Situasjonen i dag er heilt låst fast, altfor mange er fanga i hat. Det internasjonale samfunnet må vere med på å byggje eit samfunn med sterke sivile institusjonar og lokalsamfunn. Det kan gi håp for dei framtidige generasjonane, seier Caritas-generalsekretæren.

Sør-Sudan er i all hovudsak eit kristent land. Kyrkjesamfunna, Den katolske-, Den protestantiske- og Den presbyterianske kyrkja er dei tre viktigaste. Dei har saman danna eit felleskyrkjeleg råd (Council of Churches).

Koking av mat i flyktningleir.

Slik går matlaginga føre seg i leiren for sørsudanske flyktningar like utanfor Khartoum i Sudan.

Foto: Caritas

Utdanning og forsoning

– Det ligg eit håp i dette, fordi kyrkjesamfunna nyt stor tillit blant innbyggjarane, og dei er også blant dei få aktørane som styresmaktene lyttar til. Det er avgjerande å skape dialog mellom leiarar frå ulike leirar, og her kan kyrkjesamfunna spele ei rolle, legg Skretteberg til.

Ho fortel at hemn står sentralt i fleire av stammekulturane, og det er årsaka til mykje av valdsbruken i landet. Det er alltid noko å hemne.

– Born og unge må stå sentralt i arbeidet for fred og forsoning. Det gjeld å skape ein identitet til landet Sør-Sudan og ikkje berre for den ulike etniske gruppene. Endringa må skje gjennom utdanning, forsoning og haldningsskapande arbeid, seier Martha Rubiano Skretteberg.

sør-sudan

SISTE NYTT

Siste nytt