Martha Rubiano Skretteberg møter NRK på kontoret sitt i Oslo dagen etter. Ho er prega av det ho har sett. Det meste har gått feil i den ferske nasjonen Sør-Sudan. Optimismen frå sjølvstende-feiringa i 2011 er heilt borte.
No er landet prega av matmangel, valdeleg konflikt mellom styresmaktene og ulike folkegrupper, og i tillegg dei politiske leiarane sin manglande vilje til å gjere noko for innbyggjarane
Vanstyre og tørke
Rosa Mayo er ein av 3,5 millionar sørsudanarar som har flykta frå heimen sin på grunn av krig og tørke.
Foto: Matthieu Alexandre / AP– Det er ein kombinasjon av konflikt, vanstyre og tørke som følgje av klimaendringar. Situasjonen er dramatisk, og mange har mist håpet. Det går føre seg etnisk reinsing, og eg fryktar at det skal bli like ille som det var i Rwanda, seier ho.
Ferske tal frå FN talar sitt tydelege språk (sjå faktaboks).
Flyktningstraumen har også ført til uro i områda flyktningane kjem til i nabolanda, så det hastar å få ei slutt på krisa.
– På sikt er det heilt naudsynt å få til ei politisk løysing. Og her må det internasjonale samfunnet hjelpe til. Eg meiner det er heilt naudsynt å innføre målretta økonomiske sanksjonar mot dei politiske leiarane for å presse dei til handling. Det er også på høg tid med ein våpenembargo. Men først må vi berre berge så mange liv som mogleg, seier Martha Rubiano Skretteberg.
Sørsudanske flyktningar hjelper til med levering av matvarer i ein flyktningleir utanfor Khartoum i Sudan.
Foto: CaritasPresident Salva Kiir (t.h.) og den no avsette visepresidenten Riek Machar. Machar oppheld seg i dag i Sør-Afrika.
Foto: Jason Patinkin / AP
– Sør også ramma
Ho har mange år bak seg som hjelpearbeidar, men situasjonen i Sør-Sudan har gjort eit sterkt inntrykk på henne.
, men no har gale blitt til verre.Tidlegare var den sørlege delen av landet ikkje så ramma av krisa. Området Greater Equatoria har vore rekna som sjølve kornkammeret i Sør-Sudan. Ein kombinasjon av etniske konfliktar og tørke har ført til at mange er drivne på flukt til nabolandet Uganda.
Mange bønder fekk ikkje hauste avlingane sine på grunn av uroa, og no nærmar det seg tida til å så. Det er fare for at ein ny jordbrukssesong kjem til å bli øydelagt.
Martha Rubiano Skretteberg seier at ei viktig årsak til konfliktane mellom folkegruppene i Sør-Sudan er ein total mangel på nasjonal identitet.
Natt til fredag norsk tid var det eit nytt møte om Sør-Sudan i Tryggingsrådet i FN. Til venstre FNs generalsekretær Antonio Guterres og Storbritannias utanriksminister Boris Johnson.
Foto: Mike Segar / Reuters– Manglar lojalitet
Trass i at mange har traumatiske opplevingar frå livet på flukt, er smilet aldri langt unna for dei som har fått hjelp.
Foto: Caritas– Folk kjenner ikkje lojalitet til nasjonen Sør-Sudan, lojaliteten går til den etniske gruppa dei høyrer til. Motsetnadene mellom særleg dei to etniske gruppene Dinka og Nuer blir stadig sterkare, og det kjem stadig fleire rapportar om overgrep mot sivile. Og det verste er at ingen blir straffa for det, seier ho.
medan innbyggjarane lir.
President Salva Kiir er dinka og den no avsette visepresidenten Riek Machaf er nuer. Machaf leier no opposisjonen frå ein slags tvungen eksil i Sør-Afrika.