Hopp til innhold

Spor etter russiske hackarar i kraftselskap i USA

Spor frå ei russisk hackar-gruppe er oppdaga på ein PC hos eit kraftselskap i Vermont i USA, men selskapet seier at hackarane aldri kom seg inn i datanettverket som styrer straumforsyninga.

Russisk eigedom i Glen Clove i New York.

Den russiske eigedomen Killenworth i Glen Clove i New York er stengt for russiske statsborgarar etter dei siste avsløringane av russiske hackar-angrep.

Foto: Eduardo Munoz Alvarez / AFP

Koden eller sporet vart oppdaga på ein berbar PC i Burlington Electric Department.

– Vi reagerte straks ved å isolere den aktuelle datamaskinen og rapportere funnet til dei føderale styresmaktene. Våre folk samarbeider med føderale tenestemenn for å hindre slike angrep mot straumforsyninga, heiter det i ei fråsegn frå selskapet.

«Grizzly Steppe»

Sporet stammar frå det amerikanske styresmakter meiner er ei brei russiske kampanje for å hacke seg inn på amerikanske datanettverk, og som går under namnet «Grizzly Steppe».

Det er ikkje oppgitt når Burlington Electric Department oppdaga det dei meiner var ei «fiendtleg programvare» (malware) i systemet sitt.

Barack Obama

USAs avtroppande president Barack Obama utviste 35 russarar sist torsdag.

Foto: SAUL LOEB / Afp

Selskapet kan ikkje vere 100 prosent sikre på at det verkeleg var eit russisk hackar-angrep mot datanettverket deira. Programvara frå «Grizzly Steppe» kan ha hamna på den berbare datamaskinen etter at brukaren har vitja ei nettside som var infisert.

Utviste 35 russarar

Saka blir likevel sett i samanheng med at president Barack Obama sist torsdag utviste 35 russarar , både diplomatar og andre, mistenkte for å ha hacka seg inn på nettverket til Det demokratiske partiet under presidentvalkampen sist haust.

USA stengde også to russiske luksuseigedomar dei meiner vart brukt som base for den ulovlege aktiviteten.

Det var overraskande for mange at Russlands president Vladimir Putin raskt gjorde det klart at han ikkje ville utvise amerikanske diplomatar som ein motreaksjon. Påtroppande USA-president Donald Trump skrytte av avgjerda til Putin, og sa at han visste at Putin var smart .

Dei meiner dette er ein del av ein omfattande kampanje mot USAs som blir styrt av den russiske regjeringa.

Amerikanske styresmakter er spesielt på vakt mot hackar-angrep mot kraftselskapa og annan kritisk infrastruktur.

NSA-sjef Mike Rogers

NSA-direktør Mike Rodgers fryktar eit dataangrep på den amerikanske straumforsyninga.

Foto: Marcio Jose Sanchez / AP

– Akkurat denne saka var ikkje så stor og den fiendtlege programvara gjorde ikkje skade. Vi tek det likevel alvorleg fordi saka har forgreiningar til ein omfattande kampanje mot USA i cyberspace, og fordi elektrisitetsnettet er ein svært sårbar del av den nasjonale infrastrukturen, seier ei etterretningskjelde til nyheitsbyrået Reuters.

Det var Washington Post som først omtalte saka.

Brende om Russland-sanksjoner: – Forstår at USA reagerer

– Berre eit tidsspørsmål

Både amerikanske styresmakter og uavhengige dataekspertar i USA meiner at Russland var ansvarleg for eit dataangrep mot elektrisitetsforsyninga i Ukraina i desember 2016, der 250.000 miste straumen.

Etter dette sak toppsjefen i NSA (National Security Agency), Mike Rodgers, at det berre var eit tidsspørsmål før USA ville bli utsett for eit liknande angrep.

SISTE NYTT

Siste nytt