NRK Meny
Normal

Skuldar Pakistan for Kabul-angrep

USA skuldar den mektige etteretningstenesta i Pakistan, ISI, for å stå bak angrepet mot NATO-hovudkvarteret og den amerikanske ambassaden i Kabul sist veke.

Afghanske politimenn skyter mot Taliban-soldater

USA meiner Haqqani-nettverket stod bak ambassadeangrepet i Kabul tidlegare denne månaden.

Foto: AHMAD MASOOD / Reuters

Admiral Mike Mullen, som denne månaden går av som leiar for US Joint Chiefs of Staff, den amerikanske militære overkommandoen, seier at Haqqani-nettverket, som stod bak angrepet i Kabul sist veke, er ei aktiv arm av den pakistanske etterretninga.

Leiar for den amerikanske overkommandoen, admiral Mike Mullen.

Leiar for den amerikanske overkommandoen, admiral Mike Mullen.

Foto: KAREN BLEIER / Afp

Haqqani-nettverket er eitt av tre, og truleg det farlegaste opprørsgruppa som kjempar mot NATO-styrken i Afghanistan under Taliban-paraplyen i Afghanistan.

– Hjelp frå ISI

– Med hjelp frå ISI planla og gjennomførde Haqqani-nettverket angrepet på den amerikanske ambassaden i Kabul 13. september og eit bilbombeangrep 11. september. Vi har også truverdig informasjon om at dei stod bak angrepet på Hotel Intercontinental i Kabul 28. juni i år. I tillegg har dei stått bak ein del mindre, men effektive operasjonar, seier Mike Mullen.

Mike Mullen krev at Pakistan no tek eit oppgjer med Haqqani-nettverket, som held til i dei stammestyrte områda nordvest i Pakistan.

Han meiner etterretningstenesta ISI lenge har hatt eit strategisk samarbeid med Haqqani-nettverket, og at dei ser ut til å bruke netttverket til å gjenomføre operasjonar i Afghanistan.

Mullen seier at drapet på fredsforhandlaren og tidlegare president Burhanuddin Rabbani viser at Taliban er i ferd med endre karakter på angrepa sine i Afghanistan i ei meir spektakulær retning.

LES OGSÅ: - Sto bak angrepet på Kabul

LES OGSÅ: Opprørsleder drept etter hotellangrep i Kabul

Pakistan avviser

Rehman Malik er innanriksminister i Pakistan.

Innanriksminister Rehman Malik avviser skuldingane om at Pakistan støttar Haqqani-nettverket.

Foto: FAISAL MAHMOOD / Reuters

Pakistans innanriksminister Rehman Malik avviser overfor nheitsbyrået Reuters dei amerikanske skuldingane om at dei støttar Haqqani. Men han gjer det samstundes klart at Pakistan ikkje vil godta amerikanske angrep på Haaqqani eller andre væpna grupper på pakistansk jord. Det bør USA overlate til Pakistan, seier han.

Elisabeth Eide, professor ved Høgskolen i Oslo, seier i eit intervju med NTB at det også tidlegare har kome fram opplysningar om kontakt mellom Haqqani og ISI. Det verkar blant anna som om at Haqqani har blitt åtvara om amerikanske droneangrep, seier ho.

Eide trur mistilliten mellom dei to landa berre har auka etter at amerikanske spesialsoldatar fann og tok livet av Al Qaida-leiaren Osama Bin Laden i Abottobad i Pakistan tidlegare i år.

Ho meiner situasjonen er svært vanskeleg for Pakistan.

LES OGSÅ: Frihet uten sikkerhet i Afghanistan

– Balanserer på knivsegg

Elisabeth Eide

Professor Elisabeth Eide meiner Pakistan balanserer på ein knivsegg i forholdet til USA.

Foto: Privat

– Den pakistanske regjeringa balanserer på ein knivsegg. Ei meiningsmåling i landet viste nyleg at berre 12 prosent av dei spurde hadde eit positivt syn på USA. Når mistilliten til USA er så stor i Pakistan, så seier det seg sjølv at ei regjering som skal vere alliert med USA, og samstundes har ryggdekning i eige folk, ikkje har det lett, seier ho i NTB-intervjuet.

Det amerikanske senatet gjorde tidlegare denne veka eit vedtak der dei krev at all amerikansk bistand til Pakistan skal gjerast avhengig at eit sterkare pakistansk engasjement i kampen mot væpna opprørsgrupper.

I løpet av dei siste ti åra har Pakistan fått 115 milliardar kroner i hovudsak militær bistand frå USA.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt