Hopp til innhold

Tryggingsrådet ville ikkje fordømme Syria-angrep

Som venta fekk ikkje Russland med seg Tryggingsrådet i FN på ei fordømming av angrepet mot Syria natt til laurdag.

Avrøysting i Tryggingsrådet.

USAs FN-ambassadør røystar mot det russiske forslaget i Tryggingsrådet i kveld.

Foto: Hector Retamal / AFP

Det russiske forslaget fekk berre tre røyster. Åtte land røysta mot forslaget, medan fire land røysta blankt. Russland, Kina og Bolivia var dei einaste som røysta for det russiske forslaget.

Møtet i Tryggingsrådet starta like etter klokka 17 norsk tid. Det var Russland som tok initiativet til møtet, og landet vil ha dei andre medlemslanda i Tryggingsrådet med på ei klar fordømming. Russland meiner angrepet er eit klart brot på folkeretten.

Russlands utanriksminister Sergej Lavrov sa i Moskva i ettermiddag at angrepet USA, Frankrike og Storbritannia gjennomførte mot Syria natt, er uakseptabelt og lovlaust.

– Inga militær løysing

Generalsekretæren i FN, Antonio Guterres, starta møtet med å be alle partar om å vere tilbakehaldne og å unngå ei eskalering av krigen i Syria. Han gjorde det klart at det ikkje er noko militær løysing på situasjonen i Syria.

Han gjorde det også klart at påstandane om bruk av kjemiske våpen i Syria må etterforskast av FN, og at etterforskarane no er klare til å undersøke åstaden for det mistenkte angrepet sist helg.

– Handplukka terroristar

Russlands FN-ambassadør Vasilij Nebenzia

Russlands FN-ambassadør Vasilij Nebenzia gjekk hardt ut mot missilangrepet mot Syria natt til laurdag.

Foto: Eduardo Munoz / Reuters

Den russiske FN-ambassadøren, Vasilij Nebenzia, sa i innlegget sitt at dei tre landa som stod bak angrepet mot Syria i landet er med på å øydeleggje autoriteten til FN. Han gjorde også eit poeng av at på det tidspunktet angrepet vart sett i verk, så var ekspertar på kjemiske våpen på plass i Syria, klare til å starte undersøkingar.

Han sa også at forskingssenteret som vart angripe i natt berre hadde sivile føremål, og at angrepet er med på å øydeleggje den syriske økonomien. Han sa at dei vestlege landa kunne få slutt på borgarkrigen i Syria i løpet av kort tid, om dei ville.

– Det berre å seie til dei handplukka terroristane de støttar i Syria om å stanse motstanden mot den lovlege regjeringa i landet, sa han.

Dette vet vi om angrepene i Syria

– Kan angripe igjen

USAs FN-ambassadør Nikki Haley.

USAs FN-ambassadør Nikki Haley gjorde det klart at USA vil angripe igjen, om Syria held fram med å bruke kjemiske våpen.

Foto: Hector Retamal / AFP

USAs FN-ambassadør Nikki Haley fekk ordet etter tiraden frå utsendingen frå Moskva. Ho sa at angrepet var nødvendig for å sende eit klart signal til Assad-regimet om at bruk av kjemiske våpen ikkje blir tolerert.

Haley gjorde det også klar at dersom syriske styresmakter brukar kjemiske våpen på nytt, så er USA klar til å angripe igjen.

– Vi er trygge på at vi har gjort stor skade på det syriske programmet for kjemiske våpen. Vi er førebudde på å halde oppe presset, om det syriske regimet er dumme nok til å teste viljestyrken vår, sa den amerikanske FN-ambassadøren.

Nikki Haley sa også at angrepet i natt var nøye planlagt, slik at dei skulle gjere minst mogleg skade på sivile.

Fem NRK-korrespondenter om Syria-angrepet

Folkeretten

Den britiske FN-ambassadøren sa i sitt innlegg at det umogleg kan vere i strid med folkeretten å bruke makt for å hindre drap på eit stort tal uskuldige menneske.

Også den franske FN-ambassadøren tok opp dette poenget. Han sa at dei internasjonale reglane ikkje vart laga for å forsvare eit regime som brukar kjemiske våpen mot sitt eige folk.

Både den britiske- og den franske FN-ambassadøren kravde at partane i borgarkrigen i Syria må gå med på våpenkvile og kome tilbake til forhandlingsbordet. Dette vart også teke opp att av den svenske ambassadøren.

Syrias kjemiske våpen

Stoltenberg: Kjemiske våpen truer vår sikkerhet

Trumps Syria-angrep lik politikken han selv fordømte

SISTE NYTT

Siste nytt