Russland reagerer på at USA har besøkt Jan Mayen

Russiske styresmakter seier dei er uroa etter at det amerikanske forsvaret besøkte Jan Mayen før jul. Dei åtvarar Noreg mot å la amerikanske fly bruke øya.

Amerikanske spesialister har vært på Jan Mayen for å legge til rette for amerikanske militærfly.

Amerikanske spesialistar har vore på Jan Mayen for å undersøke om det amerikanske luftforsvaret utføre forsyningsoppdrag til øya for det norske forsvaret.

Foto: U.S. Air Force

14/2: Det er lagt inn ei presisering frå Forsvarets operative hovudkvarter om at amerikanske soldatar ikkje skal operere frå Jan Mayen. Grunnen til at amerikanarane har vore på øya, er at dei skulle undersøke om det amerikanske luftforsvaret kunne utføre transportoppdrag for det norske forsvaret.

I november var det amerikanske luftforsvaret på Jan Mayen for å vurdere landingsforholda og tryggleiken på den norske øya som ligg mellom Noreg og Grønland.

Tanken er å legge til rette for at fly frå US Air Force skal kunne lande og ta av på øya. Dei meiner dette kan gjere treninga med allierte enklare, og at det blir betre samordning og samarbeid.

Seniorforskar Andreas Østhagen ved Fridtjof Nansens Institutt åtvara i januar norske styresmakter mot å tillate USA bruke Jan Mayen militært.

– Dersom ein ønsker å unngå å provosere Russland, er dette kanskje ikkje de smartaste ein gjer, sa han.

Russland kritiske

Forholdet mellom Noreg og Russland har surna den siste tida, med skuldingar frå begge sider og dårleg stemning.

Det er blant anna usemje om aktiviteten på Svalbard og om militære øvingar i grenseområda. Nyleg blei også Nordflåtens kor- og danseensemble nekta innreise til Noreg for å delta i festivalen Barents Spektakel i Kirkenes.

Nordflåtens kor- og dansensemble spilte sammen med Hærens musikkorps i Kirkenes i oktober, under 75-årsjubileet for frigjøringen av Finnmark under andre verdens krig. Konserten var en gave fra Forsvarsdepartementet til befolkningen i Finnmark.

Nordflåtens kor- og danseensemble deltok under 75-årsjubileet for frigjeringa av Finnmark under andre verdskrigen i oktober. Men då dei skulle delta på festivalen Barents Spektakel i Kirkenes, blei dei nekta innreise.

Foto: Inga Helene Juul

Russisk UD seier til Reuters at dei meiner at den militære aktiviteten som har vore på Jan Mayen no er retta mot Russland, og at det er med på å destabilisere regionen.

– Berre det faktumet at det er mogleg at det amerikanske luftforsvaret kan vere til stades på øya, er urovekkande, seier dei.

Russland ber norske styresmakter opptre ansvarleg og tenke langsiktig i nordområda, og ikkje gjere noko som kan øydelegge stabiliteten og samarbeidet i regionen.

Ikkje amerikanske soldatar på Jan Mayen

Oberstløytnant Ivar Moen ved Forsvarets operative hovudkvarter presiserer overfor NRK at det ikkje er snakk om at amerikanske fly skal bruke eller operere frå Jan Mayen.

Grunnen til at det amerikanske luftforsvaret var på øya, var for å undersøke om dei kan hjelpe det norske forsvaret når dei ikkje har kapasitet til å flyge inn forsyningar til Jan Mayen.

– Dei norske Hercules-flya blir blant anna brukte til internasjonale operasjonar og andre oppdrag i Noreg. Belastninga blir difor stor, og då spør vi unntaksvis andre nasjonar om dei kan gjere oppdrag for oss på Jan Mayen. USA har på lik linje med andre nasjonar blitt spurt om dette tidlegare, seier han til NRK.

Påverkar ikkje forholdet

Forsvarsminister Frank Bakke-Jensen meiner det amerikanske besøket på Jan Mayen ikkje går ut over forholdet til Russland.

– Transportflygingar til Jan Mayen med fly frå våre allierte kjem ikkje til å innverke på det tryggingspolitiske biletet i nord, seier han til Reuters.

Han seier at det blei sendt ut ei melding til allierte i 2019 der dei bad om hjelp til transportflygingar til og frå Jan Mayen fordi Forsvaret ikkje klarer å gjere det sjølve.

Ifølge Bakke-Jensen har fly frå militære styrkar frå Austerrike, Sverige, Danmark og Frankrike floge til Jan Mayen mellom 2017 og 2019.

SISTE NYTT

Siste nytt