Hopp til innhold

Redd Barna: – Sivile fortel at born blir knytte fast til sine døde mødrer og kasta på elva

FN har erklært hungersnaud i Sør-Sudan, og kvinner på flukt fortel om born som blir knytte fast til dei døde mødrene sine og kasta på elva. Det rapporterer hjelpeorganisasjonen Redd Barna frå landet som ifølgje FN er på randa til folkemord.

Sult i Sør-Sudan

Over 100 000 menneske er råka av hungersnaud i delstaten Unity, og 1 million menneske lever ifølgje FN på grensa til svolt.

Foto: Nils Inge Kruhaug / NTB scanpix

– Opp mot 85 prosent av alle som kjem til oss er kvinner og born på flukt, og dei fleste er traumatiserte og har anten vore vitne til eller sjølv opplevd grufull vald, fortel Amy Frost på telefon frå Uganda.

Ho er sjef for Redd Barna sin flyktningrespons i Uganda, landet svært mange på flukt i Sør-Sudan flyktar til.

Erklærte hungersnaud for første gong på seks år

I februar erklærte FN og regjeringa i Sør-Sudan hungersnaud i landet. FN bad verdssamfunnet om økonomisk hjelp for å hindre ein massiv sveltedød.

Ei kvinne har flykta frå Sør-Sudan

Sylvia flykta frå Sør-Sudan etter at ho var vitne til at naboen og den tre månader gamle babyen hennar vart drepne.

Foto: Redd Barna

– Vi har snakka med kvinner som ofte har reist i dagar og veker. Dei har sove i skogen og i busker for å ikkje vere synlege. Mange har sett ektefellen bli drepen framfor auga sine, fortel Frost.

– Kastar borna på elva, fastknytte til døde mødrer

Amy Frost i Redd Barna har snakka med fleire av dei som greier å kome seg over grensa til nabolandet Uganda.

– I førre veke snakka vi med nokre kvinner som fortalde at dei hadde sett naboane sine bli drepne med kniv. Deretter knytte gjerningsmennene borna fast i dei døde mødrene og kasta dei på elva.

Frost fortel at mange også er vitne til at kvinner blir gjengvaldtekne og mishandla.

I helga sa naudhjelpssjefen i FN, Stephen O'Brien, at verda står overfor den største humanitære krisa sidan 1945. Situasjonen i verdas yngste land er verre enn nokosinne.

Samtidig lever presidenten og familien hans i rikdom, ifølgje ei ny bok.

Sør-Sudan vil ha opp mot 90.000 kroner i visumavgift for hver hjelpearbeider som drar til landet for å hjelpe i sultkatastrofen.

Midt i krisa har regjeringa i Sør-Sudan varsla at dei vil skru opp prisane på arbeidsløyve for internasjonale arbeidarar.

Maktkampen har halde på i tre år

Matkampen mellom president Salva Kiir og den tidlegare visepresidenten Riek Machar eksploderte i ein blodig borgarkrig i 2013. Krigen har hindra utvikling av det fattige landet.

Presidenten og styresmaktene i landet får kritikk for å ikkje gjere nok for å hjelpe innbyggjarane, og for å ikkje hindre sveltekatastrofen.

Riek Machar, Salva Kiir

Presidenten og den tidlegare visepresidenten er bitre fiendar.

Foto: Jason Patinkin / AP

FN skreiv i ein rapport nyleg at det er i hovudsak regjeringssoldatar, milits knytt til regjeringsstyrkane og politifolk som står bak den brutale valden.

Dette kan ikkje Redd Barna stadfeste. Dei fortel at dei får ulike påstandar og rapportar frå Sør-Sudan.

– Dei som kjem hit er så traumatiserte at det er vanskeleg å få ei klar forståing av det som skjer. Vi i Redd Barna svært uroa, fortel sjefen for flyktningresponsen i Uganda, Amy Frost.

2 000 menneske kryssar grensa til Uganda dagleg

Ifølgje Redd Barna kjem det dagleg kring 2 000 flyktningar frå Sør-Sudan til Uganda kvar einaste dag, totalt er talet kring 1,5 millionar. I Uganda er styresmaktene hjelpsame og proaktive, fortel Frost.

– Men, legg ho til, med over ein million flyktningar og stadig fleire på veg, er det vanskeleg å dekke alle behov.

Hvert tredje barn i Sør-Sudan lider av sult

Svært mange lir av svolt i Sør-Sudan. Hjelpeorganisasjonane seier dei gjer det dei kan for å hindre at borna blir underernærte.

Foto: Justin Lynch / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt