Hopp til innhold

Rapport: Kina kontrollerer minoritetsfødslar

Fleire hundre tusen kvinner skal vere tvinga til å bruke prevensjon og sterilisering. Samtidig blir Han-kinesarar oppmoda til å få fleire barn.

xinjiagmn

Kinesiske styresmakter vil ifølgje ny forskingsrapport bremse fødselsraten blant muslimske minoritetar.

Foto: Hector Retamal / AFP

Kinesiske styresmakter vil bremse fødselsraten blant muslimske minoritetar, skriv nyheitsbyrået AP.

Dei skriv at bruk av spiral og sterilisering har falle på nasjonalt plan i Kina. I regionen Xinjiang har det auka drastisk. Den muslimske minoriteten uigurane held til der.

Fleire hundre tusen kvinner blir tvinga til å bruke spiral, ta abort eller sterilisere seg, seier ein fersk forskingsrapport frå Jamestown Foundation.

Han-kinesarar, den største etniske gruppa i Kina, skal ha fått hjelp til og oppmoda til å bere fram fleire barn.

Blir teke frå familiane sine

NRK har tidlegare omtalt at rundt éin million uigurar har vore plassert i «omskuleringsleirar» sidan 2014.

Å ha for mange barn er ein av grunnane til at mange blir sende til desse leirane, har AP funne ut.

Dei skriv at kvinner som har tre eller fleire barn må anten betale store summar, eller bli rive vekk frå familiane sine.

Politiet skal også ha storma husa til familiar i jakta på gøymde barn.

Drastisk fall i talet på fødslar

Mellom 2015 og 2018 fall fødselstala i prefektura Hotan og Kashgar med meir enn 60 prosent. På nasjonalt nivå var talet 2,4 prosent.

Adrian Zenz, som forskar på kinesiske minoritetar, står bak rapporten. Han seier desse talane er ulikt noko anna tidlegare.

– Eit slikt fall har aldri skjedd før. Det har noko nådelaust ved seg, seier han til AP.

China Muslim boy

Ein gut leikar aleine i ein bakgard i byen Hotan i Xinjiang. Kinesiske styresmakter ynskjer at uiguriske kvinner skal få færre barn.

Foto: Andy Wong / AP

Det har òg vore ein steriliseringsboom i Xinjiang sidan 2016. I byen Hotan vart nesten 15.000, 34 prosent av alle fruktbare gifte kvinner, sterilisert.

I resten av landet har talet på steriliseringar falle.

Joanne Smith Finley ved Newcastle University i Storbritannia kallar det folkemord.

– Det er ikkje plutseleg, sjokkerande, masse-drap-på-staden-aktig folkemord, men det er eit langsamt, smertefullt, nifst folkemord, seier ho til AP.

USA kjem med kritikk

Den amerikanske utanriksministeren Michael Pompeo fordømer tiltaka.

– Vi ber om at det kinesiske kommunistpartiet stansar desse forferdelege denne praksisen umiddelbart og ber alle land om å slutte seg til USA kravet sitt om å få ein slutt på desse dehumaniserande misbruka, seier han ifølgje Al Jazeera.

pompeo

Den amerikanske utanriksministeren Michael Pompeo er svært kritisk til Kina sine tiltak mot å bremse fødselstalet blant minoritetane i landet.

Foto: Mandel Ngan / AFP

Utanriksministeren i Kina har ifølgje AP kalla dette falske nyheiter. Dei seier dei behandlar alle folkegrupper likt.

Kinesiske styresmakter har tidlegare hevda at desse tiltaka er sett i verk for å skape rettferd mellom Han-kinesarar og etniske minoritetar.

Kina mjuka opp eitbarnspolitikken i 2015, slik at alle fekk moglegheita til å få to barn. Minoritetar har tradisjonelt sett fått lov til å få to barn. For nokon i rurale område har talet vore tre.

Data viser likevel at Han-kinesarar i Xinjiang som regel har vore skåna for abortar, sterilisering og tvangsbruk av spiral på same måte andre etnisitetar, skriv AP. Dei har heller ikkje vorte arrestert for å ha for mange barn.

Utanriksministeren er bekymra

Tysdag erklærte Noreg og 26 andre land at dei tar avstand til ei ny kinesisk lov som innskrenkar rettane til demonstrantar i Hongkong.

Utanriksdepartementet seier til NRK at dei også tok stilling til Kina sine tiltak i Xinjiang.

– Vi er svært bekymra for menneskerettssituasjonen for uigurar og andre minoritetar i Xinjiang, seier utanriksminister Ine Eriksen Søreide.

SISTE NYTT

Siste nytt