Hopp til innhold

Rapport: Kina smører utanlandske journalistar

Ein fersk studie avslører at kinesiske styresmakter jobbar aktivt for påverke omtalen av landet i internasjonal presse.

uigurer

Kinesiske styresmakter har invitert fleire grupper med journalistar til regionen i Xinjiang. Sidan 2014 har muslimske uigurar vore sette i «omskuleringsleirar».

Foto: Greg Baker / AFP

Studien blei gjennomført i fjor haust av Den internasjonale journalistføderasjonen. Dei har snakka med journalistforbund frå 58 land.

Torsdag blei ein rapport av studien publisert.

Der kjem det fram at kinesiske styresmakter kontaktar journalistar frå andre land for å påverke medieomtale av Kina.

Halvparten av forbunda seier at journalistar frå deira land har reist på utveksling til Kina. Fleire har vore på kurs arrangert av kinesiske medieaktørar.

Konkrete mål

Journalistar frå utviklingsland har vore dei viktigaste måla. Rapporten hevdar at journalistar med ein tydeleg politisk ståstad er plukka ut.

Fleire enn 50 journalistar frå eit søramerikansk land var i Kina i to månader, seier rapporten. Rapporten karakteriserte dei som «venstreorienterte».

I nokre land har Kina sine ambassadar oppsøkte muslimske journalistar. Dei vart inviterte på reiser gjennom regionen Xinjiang. Kinesiske styresmakter promoterte regionen som eit reisemål og økonomisk suksesshistorie.

Kursa journalistane har delteke på har vore skreddarsydde for å lære borte «alternativ journalistikk».

På reisene har fleire journalistar skrive saker om at vestlege medium lagar falske historier om nettopp Xinjiang.

Regionen er heimen til den muslimske minoriteten uigurane.

NRK har tidlegare omtalt at rundt éin million uigurar har vore plassert i «omskuleringsleirar» sidan 2014. Kina seier dei fryktar at muslimsk ekstremisme skal slå rot i landet.

omskoleringsleir

Utsida av det som er kjend som ein «omskuleringsleir» i Xinjiang i Kina. Bilete frå 2018.

Foto: Thomas Peter / Reuters

Inngjekk avtaler

Rapporten seier at journalistane som har besøkt Kina har skrytt av kor velorganisert og påkosta det har vore.

Ein tredel av forbunda seier dei har vore i kontakt med, eller blitt kontakta av, kinesiske aktørar.

Fleire journalistar har også gått inn i intensjonsavtaler etter opphalda.

Sverige blant måla

Rapporten fortel at også vestlege journalistar har vore mål for kinesisk påverknad.

Fleire av Australia sine fremste journalistar og aktørar har vore på såkalla «sjå og lær»-turar til Beijing.

Som eit resultat har australsk presse har vist eit meir positivt syn ulike tema relatert til Kina. Teknologisk utvikling og militær aktivitet i Sør-Kina-havet blir framheva som eksempel.

Påverknaden har også nådd Europa.

I februar blei den svensk-kinesiske forleggaren Gui Minhai fengsla og dømt for å dele informasjon om Kina. Både EU og den svenske regjeringa kravde Guis lauslatt.

gui

Den svensk-kinesiske forleggaren Gui Minhai blei dømde til 10 år fengsel i februar.

Foto: Philippe Lopez / AFP

Ifølge den nye rapporten brukte kinesiske styresmakter saka si medieomtale som ein mogelegheit for å fronte eigne interesser.

Skreddarsydde nettannonsar, debattartiklar og utsegner frå ambassaden hadde som mål å dysse ned saka i svensk medium, heiter det i rapporten.

Avisa The Guardian har forsøkt å kontakte den kinesiske ambassaden i Australia, utan hell. Det har ikkje kome noko offisiell utsegn frå Kina om saka.

SISTE NYTT

Siste nytt