Hopp til innhold

Paven stengjer kyrkjedøra for mafiaen

Pave Frans ga laurdag klinkande klar beskjed. Den største kriminelle organisasjonen i Europa er bannlyst frå den katolske kyrkja.

Pave Frans

Pave Frans og den katolske kyrkja går inn i kampen mot den mektige mafiaen i Sør-Italia.

Foto: Alessandra Tarantino / Ap

Det var under ei messe i Sør-Italia at paven tok føre seg den skruppellause italienske Ndrangheta-mafiaen.

Paven samanlikna mafiaen si verksemd med «tilbeding av ondskap og forakt for det gode fellesskapet», og kunngjorde at `Ndrangheta er ekskommunisert - utestengd frå den katolske kyrkja.

«Dei som vel eit liv på ondskapens sti, slik mafiaen gjer, er ikkje i fortruleg omgang med Gud. Dei er bannlyste», sa Pave Frans då han tala til fleire tusen menneske som hadde funne vegen til messa i Sibari.

Skarpaste mot mafiaen 20 år

Giuseppe Spinelli foran et utbrent oliventre

Kvart år brenn mafiaen ned to tredelar av oliventrea til Giuseppe Spinelli. Straffa for ikkje å føya seg for den kriminelle organisasjonen blir verre for kvart år som går.

Foto: Kristian Aanensen / NRK

`Ndrangheta styrer 80 prosent av all kokain-innførsel til Europa og jobbar tett med narkotikakartella i Colombia og Mexico.

NRK har den siste tida sett søkjelyset på `Ndrangheta-mafiaen sine nådelause herjingar og jernkontroll i Sør-Italia.

Olivenbonden Guiseppe Spinelli er ein av dei som kvart år blir straffa hardt fordi han nektar å spela på lag med ein organisasjon tufta på frykt med drap, kidnapping og korrupsjon på samvitet. Statsadvokaten står på drapslista.

Dei ferske utsegna til Pave Frans blir rekna som det kraftigaste framstøtet mot organisert kriminalitet sidan Pave Johannes Paul II gav den sicilianske mafiaen ei real skyljebøtte i 1993.

Paven lova med laurdagens kraftsalvar at den katolske kyrkja no går inn i kampen mot organisert kriminalitet med full styrke.

«Me må motkjempa ondskap, skyva det vekk. Me må seia nei til det», oppfordra Paven.

SISTE NYTT

Siste nytt