Hopp til innhold

Ny rapport: Fleire dystre vêrrekordar blei sette i 2023

2023 var eit av dei våtaste og varmaste åra som nokon gong er registrert i Europa. Fjoråret var prega av store skogbrannar, hetebølger og øydeleggande flaumar.

Den populære turistattraksjonen Akropolis i Aten i Hellas måtte stenge flere ganger i fjor på grunn av svært høye temperaturer.

Den populære turistattraksjonen Akropolis i Aten i Hellas måtte stenge fleire gongar i fjor på grunn av svært høge temperaturar.

Foto: Petros Giannakouris / AP

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Dette kjem fram i ein rapport om vêret i Europa i fjor, som er utarbeidd av Verdas meteorologiske organisasjon (WMO) og EUs klimaendringsteneste, Copernicus.

Konsekvensane av klimaendringane var godt synlege i Europa gjennom året, og millionar av menneske blei påverka av ekstremvêr.

Rapporten viser at ekstremvêret er her og no, og at temperaturendringane treffer Europa med større styrke enn resten av verda.

Mann dukker ned i fontene i Roma for å kjøle seg ned.

Folk gjorde det dei kunne for å kjøle seg ned i den ekstreme varmen i Europa i fjor. Biletet er frå Roma i midten av juli.

Foto: TIZIANA FABI / AFP

Går raskare i Europa

Fleire dystre rekordar blei sette i Europa i fjor, blant anna flest dagar med «ekstremhete-stress», skogbrannar over eit rekordstort område og hetebølge i nordaust-Atlanteren.

I tillegg har dødsfall relatert til høg varme auka med rundt 30 prosent dei siste tjue åra, ifølge rapporten. Dødsfall relatert til varme blir antatt å ha auka i 94 prosent av dei europeiske regionane som blir overvakte.

Temperaturane i Europa aukar meir enn i resten av verda. Ikkje minst her i Noreg, der Svalbard blir varma opp raskast i verda.

Les også Ny klimarapport: 2023 knuser flere rekorder

Hetebølge i Brasil

Varmaste året nokosinne

I europeiske land stig temperaturane nesten dobbelt så raskt som det globale gjennomsnittet, viser rapporten.

I elleve av månadene låg temperaturane over gjennomsnittet. 2023 var det varmaste eller nest varmaste året som nokosinne er registrert, avhengig av kva datasett ein legg til grunn.

Skogbranner i Hellas

Hellas blei hardt ramma av skogbrannar i 2023.

Foto: LOUISA GOULIAMAKI / AFP

– Året var prega av store kontrastar. Det var forskjellar i temperatur og nedbør over heile kontinentet og frå månad til månad, seier Hans Olav Hygen, klimaforskar ved Meteorologisk institutt til NTB.

Han viser til at frå juni til september opplevde Europa hetebølger, skogbrannar, tørke og flaum, med ekstreme konsekvensar enkelte stader.

Les også Fra snøkaos til ekstremvær – et år med værkontraster i Norge

Flom i Nesbyen

Kostar milliardar av kroner

Vêr- og klimahendingar, som for eksempel flaum og skogbrann, kostar samfunnet dyrt. Økonomiske tap som følge av slikt er estimert til nær 160 milliardar kroner, ifølge International Disaster Database.

– I Noreg opplevde vi kostnader langt over det normale etter ekstremvêret Hans, seier Anita Verpe Dyrrdal, leiar for Norsk Klimaservicesenter og klimaforskar ved Meteorologisk institutt til NTB.

Helikopter-flom-090823

Ekstremvêret «Hans» gjorde store øydeleggingar i fjor.

Foto: Margret Helland / NRK

Finans Noreg sa i fjor at uvêret «Hans» er ein av dei dyraste naturkatastrofane som nokon gong har ramma Noreg. Reparasjon av skadane blir anslått å koste meir enn 1,6 milliardar kroner.

Les også 810 mill. i 2022 – 3,5 millarder i 2023

Taket fra nabobygget til Lenhard Bore

Havet blir varma opp

Rapporten viser også at gjennomsnittstemperaturen i havoverflata i Europa var rekordhøg i 2023.

Delar av Middelhavet og den nordaustlege delen av Atlanterhavet hadde dei høgaste gjennomsnittstemperaturane i havoverflata som nokon gong er målt.

I juni blei Atlanterhavet vest for Irland og rundt Storbritannia påverka av ei marin hetebølge. Den blei klassifisert som «ekstrem», og i nokre område «meir enn ekstrem». Havoverflatetemperaturar blei målte opptil 5 grader over gjennomsnittet

Les også Klimatiltakene som kan kutte utslippene i Norge

Eksos og forurensning

Må tilpasse og kutte

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap) seier til NRK at denne rapporten viser at klimaendringane vi lenge har snakka om skulle kome, faktisk er her. Og at dei historiske utsleppa gjer at vêret kjem til å halde fram med å endre seg også i åra som kjem.

– Det er lett å bli motlaus av dette. Dette er rekordar vi ikkje ønsker oss. Men det er berre ein bodskap om at det no er desto viktigare både klimatilpasse samfunnet. I tillegg må vi kutte utslepp så raskt som mogeleg, slik at vi klarer å avgrense endringane til noko vi kan klare å handtere som samfunn.

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap)

Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen (Ap).

Foto: Javad Parsa / NTB

Eriksen seier alle land i verda må bidra i ei rask omstilling. Og peikar også på at rapporten viser til positive framsteg, som at andelen fornybar energiproduksjon i Europa aldri har vore høgare.

– Vi må få opp omstillingstempoet saman, slik at vi får til den store jobben vi har med å bli eit lågutsleppssamfunn innan 26 år. Det kan høyrest lenge ut, men det er ikkje så veldig lenge til, og då er det viktig vi handlar no, seier han.

SISTE NYTT

Siste nytt