Hopp til innhold
Urix forklarer

Den EU-vennlege venstresida kan vinne sjeldan siger på Island

På Island kan det bli politisk kaos om regjeringa mister fleirtalet. Og kanskje kan ein ny EU-debatt dukke opp hos Noreg sin EØS-allierte.

iY4ilJJ37ho

Katrin Jakobsdottir (i midten) vann valet i 2017, og vart statsminister på Island. No slit partiet hennar, Venstrepartiet – dei grøne, på målingane, og det same gjer regjeringa ho er del av.

Foto: HALLDOR KOLBEINS / AFP

Det er 13 år sidan Island vart kasta inn i ei finanskrise som skaka øya heilt ned til grunnvollane. Bankar kollapsa, politikarar måtte gå og regjeringa falt.

Islandsk politikk er framleis prega av debattane som oppstod etter finanskrisa. Denne helga går dei til val, og det er jamnare enn nokon gong før.

Skandaler

Dei politiske skandalane har stått i kø på Island. Spesielt for det borgarlege Sjølvstendepartiet, eller Sjálfstæðisflokkurinn om ein vil.

Partiet har regjert på Island gjennom det meste av 80-, 90- og 2000-talet, og fekk det meste av ansvaret for finanskrisa.

Då krisa slo til, gjekk arbeidsløysa opp, landet måtte ta opp store lån, og demonstrantar gjekk ut i gatene. Det vart også peikt på at banda mellom finanstoppar, politikarar og media var for tette.

K-ZUvNxSEd8

Alltinget er eit av verdas eldste parlament. Til helga får det ei ny samansetting.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Det er ikkje til hjelp at landets toppolitikarar, og spesielt partileiar i Sjølvstendepartiet og finansminister Bjarni Benediktsson, har stått bak sine eigne skandalar.

Slik som skuldingar om innsidehandel rett før finanskrisa starta i 2009, å bli nemnt i Panama Papers-avsløringane, og for å ha dekka til at faren fiksa eit dokument som reinvaska ein ven av han, som tidlegare var blitt dømd for pedofili.

x6I8b9ZWALc

Finansminister Bjarni Benediktsson og partiet hans, Sjølvstendepartiet, møter stadig meir motgang.

Foto: GEIRIX / Reuters

Veldig jamt på målingane

Gjennom sommaren har valkampen blitt stadig tettare. Dei sittande regjeringspartia har gått frå trygg leiing på målingane, til ei veldig knapp leiing. Og den siste veka har dei mista fleirtalet på fleire målinger.

Ni av dei ti partia som stiller liste kan få plass i Alltinget, eit av verdas eldste parlament. Akkurat som i Noreg kan det då bli rekordmange parti i parlamentet.

Og akkurat som i Noreg vert dei store partia stadig mindre. Sjølvstendepartiet ligg an til eit resultat rundt 20 prosentpoeng. Dei er framleis største parti, men har halvert oppslutnaden sidan tida før finanskrisa.

Ein del har mista tilliten til Sjølvstendepartiet, og i tillegg vart partiet delt i to for nokre år sidan. Dei danna Reformpartiet, som heiter Viðreisn på islandsk, og har no rundt ti prosentpoeng på målingane.

Samtidig viser målingane at parti lengre ut på venstresida har vind i segla:

  • Det ferske Sosialistpartiet veks til over 7 prosent, berre fire år etter at det vart stifta.
  • Piratane i Piratpartiet har vind i segla, og ligg an til 12–13 prosent.
  • Og det sosialdemokratiske Samfylkingin nærmar seg 15 prosent på fleire målingar.

Ikkje høgre, eller venstre, men breitt samarbeid

I motsetnad til i Noreg har det aldri vore mindretalsregjeringar på Island. Dagens regjering har eit knapt fleirtal, og består av tre av dei fire største partia i landet.

Det er Sjølvstendepartiet, Framstegspartiet og Venstrepartiet – dei grøne som har funne saman i regjering. Om ein skal bruke deira norske systerparti som referanse betyr dette at Islands regjering er ein koalisjon av Høgre, Senterpartiet og Sosialistisk Venstreparti.

Landets statsminister, Katrín Jakobsdóttir, seier at ho hadde hatt lyst til å tenke heilt nytt for å få til eit breitt samarbeid og ein restart av islandsk politikk.

Erna og Islands statsminister

Katrin Jakobsdottir møtte sin statsministerkollega, Erna Solberg, tilbake i den tida kor det var greitt å handhelse.

Foto: Berit Roald / NTB scanpix

Til britiske The Guardian sa ho i 2018 at det er eit sjansespel med ein brei regjeringskoalisjon, men den breie regjeringskoalisjonen har halde ut alle dei fire åra sidan sist val.

Ei sak som samlar dei tre partia er at dei alle er mot EU-medlemskap. I regjeringsplattforma var dei også einige om å innføre skattar og avgifter som skulle redusere klimautslepp og fattigdom, og samtidig satse på infrastruktur, slik som vegbygging.

Reykjavikmodellen

«Reykjavíkurmódelið» er namnet på koalisjonen som styrer i hovudstaden, og akkurat som i Noreg er hovudstaden styrt av parti på venstresida. Fleire av desse partia bruker samarbeidet i Reykjavík som eit bevis på at dei same fire partia også kan få til samarbeid nasjonalt.

Statsministerens parti, Venstrepartiet – dei grøne, kan i så fall gå saman med sosialdemokratiske Samfylkingin, Piratpartiet og Reformpartiet, som er norske Venstre sitt systerparti.

x6NCQUCNP2k

Sosialdemokratiske Samfylkingin kan kanskje stifte regjering. Her representert ved partileiar Logi Mar Einarsson, som er utdanna ved arkitekthøgskulen i Oslo.

Foto: Brynjar Gunnarsson / AP

Eit slikt samarbeid kan skape store endringar for Island. EU, ny grunnlov og fiskekvotar er nokre stikkord.

I tillegg kan altså sosialistpartiet også gjere eit godt val ute på venstre fløy.

EU/EØS

Om det blir ei regjering på venstresida, så kan det også bli ei EU-vennleg regjering.

Slik er ekstra interessant for Noreg, som ville stått att med Liechtenstein som einaste EØS-allierte om Island vart del av unionen.

Samfylkingin og Reformpartiet er EU-vennlege parti, mens Piratpartiet stiller nokre krav for at dei også skal vere tilhengjarar av tanken på eit EU-medlemskap.

Nye islandske skritt mot EU handler i første omgang om å få i stand ei folkeavstemming om EU-medlemskap. I motsetning til oss nordmenn, så har islendingane aldri fått sjansen til noko slikt tidlegare.

UNKDUT36LWE

Kan to bli til tre? Liechtenstein, Island og Noreg står saman bak EØS-avtalen. For dei to nordiske landa er fiskeripolitikk noko det er fint å stå saman om i møte med store EU.

Foto: JOHN THYS / AFP

Reykjavik har ganske nyleg hatt kontakt med Brussel angåande eit medlemskap. Då finanskrisa slo til, starta landet på ein prosess der dei hadde samtaler med EU om eit eventuelt medlemskap. Dette vart seinare lagd på is då Sjølvstendepartiet og Framstegspartiet danna regjering saman.

EU-debatten er ikkje heilt død, men det er heller ikkje eit tema som pregar valkampen.

Ny grunnlov

Eit anna stort politisk tema som har prega Island i meir enn eit tiår er behovet for ny grunnlov. Dagens grunnlov stammer frå 1944, då Island vart uavhengige frå Danmark.

Etter finanskrisa vart det sett i gang arbeid med å reformere grunnlova, fordi mange meinte dette måtte på plass for å få til naudsynt endring.

«Facebook-demokrati» vart dte kalla då 25 heilt vanlege islendingar jobba fram grunnlovsforslaget. Kandidatane hadde ingen band til politiske parti, dei vart stemt fram av folk, og dei fekk innspel via sosiale medium.

xSpZqKNHZbM

Store protestar på slutten av 2000-talet, då den globale finanskrisa ramma Island hardt.

Foto: STRINGER / Reuters

Og grunnlovforslaget fekk stor støtte. Ei folkeavstemming i 2012 viste at 66 prosent av folket på Island vil ha på plass ein ny grunnlov.

Forslaget handla mellom anna om øystatens framtidige demokratiske system, eigarskap til landets naturressursar, og kyrkja si stilling i samfunnet.

Men det enda med at alt vart lagd på is. Om det blir regjeringsskifte kan det kanskje bli henta fram att. Piratpartiet er blant dei som har sagt at framgang i arbeidet med ny grunnlov er eit krav for at dei skal kunne støtte ei ny regjering.

Piratpartiet er for øvrig ganske unikt for Island. Dei vaks fram som ein reaksjon på alt det folk var misnøgde med under finanskrisa. Det er berre i Tsjekkia at det finnest eit anna parti av betydning. Partiet har ny grunnlov, miljøvern, korrupsjonsbekjempelse og ny fiskekvoteordning som kampsaker.

Fiskekvotar

I tillegg til turistar, så er fisken noko av det som skaffar inntekter til islendingane. Men kven får mest av desse inntektene? Det spørsmålet er det stadig fleire som stiller seg.

Kort fortalt har fiskekvotane på Island blitt fordelt på nokre veldig få hender, etter at det på 90-talet vart innført eit system for å effektivisere fiskeindustrien, og samtidig hindre overfiske.

Systemet skaper debatt, og kritikarane meiner at dei med mest kapital har best sjanse til å få tak på kvotane. Sidan fisk er eit felles gode, så meiner mange at fiskekvotesystemet må endrast, slik at også inntektene kjem fleire til gode.

Det borgarlege Sjølvstendepartiet har som oftast vore på fiskekvoteeigarane si side, og meiner systemet er bra for å sikre berekraftig fiske og gode prisar på lang sikt.

aHCPtOUahcA

Fiske er saman med turisme den viktigaste industrien for Island.

Foto: OLIVIER MORIN / AFP

Også distriktspartiet Framstegspartiet har ønska å halde på dagens modell, sidan ordninga sikrar ein del arbeidsplassar og aktivitet i distrikta.

For dagens fiskarindustri har det ikkje vore til hjelp at Islands største fiskerikonsern vart fanga i korrupsjonsnettet. Samherji betalte mellom anna fiskeriministeren i Namibia pengar for å få tilgang på billige fiskekvotar i det afrikanske landet.

Også norske DNB var ein del av denne skandalen, sidan pengar vart kanalisert via DNB, frå Island, til Kypros og vidare til Namibia.

Skulle det bli regjeringsskifte, så ligg det an til store endringar. Dagens opposisjonsparti har nemleg ulike forslag til andre fiskekvoteordningar, kor målet er å spre fiskepengane utover fleire islendingar.

Koronapandemien

Island klarte seg lenge godt under koronapandemien, men i sommar gjekk smitta kraftig opp. Regjeringa fekk kritikk for å ha bøya av for den mektige turistnæringa, ved å opne for mykje opp for utanlandsk turisme.

Pandemien førte til at ein del av Islands sosiale utfordringar kom til syne. Dette vart ekstra tydeleg ved landets største sjukehus, kor dei sleit med å halde unna for trykket.

I august slo sjukehusleiinga alarm, og varsla om mangel på senger og personell. Ventekøane blant pasientar har også vore lange til tider.

jQ_vs9gUNIc

Det gjekk lenge ganske bra, men i sommar fauk smittetala i vêret, og sjukehusa sleit med å halde unna for pasientane som trengde hjelp.

Foto: JOHN SIBLEY / Reuters

Det går føre seg ein debatt om private og offentlege helsetenester. Sosialdemokratane i Samfylkingin er blant dei som meiner det offentlege helsetilbodet må styrkast, og at mindre pengar må overførast til private aktørar.

Mens Sjølvstendepartiet meiner at auka bruk av private tenester kan vere løysinga for å lette på det trykket helsesektoren har kjent på dei siste månadane.

SISTE NYTT

Siste nytt