NRK Meny
Normal

Morsi-tilhengjarar nektar å gi seg – seks drepne i gatekampar i Kairo

Seks menneske er drepne og 33 er såra i valdshandlingar mellom tilhengjarar og motstandarar av den avsette egyptiske presidenten Mohamed Morsi i Kairo i dag tidleg.

Gatekampar i Kairo

Ein Morsi-tilhengjar vart banka av regimetru demonstrantar ved Tahrirplassen måndag.

Foto: FAYEZ NURELDINE / Afp

Dermed er ni menneske drepne i uro i Egypt dei siste to døgna. Uroa i dag starta like før soloppgang i eit område like ved Kairo-universitetet der Morsi-tilhengjarar har hatt tilhald sidan den islamistiske presidenten vart avsette av hæren 3. juli.

Mohamed Morsi

Den avsette presidenten Mohamed Morsi blir framleis halden i fangenskap.

Foto: - / Afp

Den muslimske brorskapen, den islamistiske organisasjonen Morsi høyrer til, seier at det er snakk om eit angrep på fredelege demonstrantar. Politiet kallar det som skjedde for regelrette gatekampar.

Skyting og steinkasting

Dei opplyser at fleire hundre Morsi-tilhengjarar støytte saman med lokale innbyggjarar, gateseljarar og andre like ved åstaden for demonstrasjonen. Det vart kasta steinar og det vart også avfyrt skot.

Den nasjonale redningsfronten, den viktigaste grupperinga som protesterte mot Morsi då han var president, og som no støttar avsetjinga av han, seier på si side at det er medlemer av Den muslimske brorskapen som går til angrep på Morsi-motstandarar.

EGYPT-POLITICS-UNREST-DEMO

Støttespelarane til Mohamed Morsi nektar å gi seg før han er gjeninnsett som president.

Foto: MOHAMED EL-SHAHED / Afp

Ein innbyggjarar frå området der samanstøytane skjedde seier til egyptisk fjernsyn at alle som bur i nærleiken har halde seg innandørs heilt sidan i går kveld. Han fortel om væpna, maskerte menn som kom ut frå ein moske i området. Dei sette blant anna fyr på fleire butikkar, seier han.

Dei som bur ved området der Morsi-tilhengjarane har halde til dei siste vekene likar dårleg at Morsi-tilhengjarane brukar deira nabolag til å demonstrere. Dei meiner demonstrantane hindrar butikkar i å halde opne, og at dei trakasserer lokale innbyggjarar.

LES OGSÅ: «Den blodigste massakren siden Mubaraks fall»

LES OGSÅ: Ny regjering, gamle fjes

Skuldar på kvarandre

Den muslimske brorskapen melder på si Internettside at sju frå deira leir har vorte «martyrar» i to ulike angrep i Kairo, eitt ved universitetet og eitt i eit angrep under ein marsj i den nordlege delen av byen.

– Leiarane for militærkuppet held fram terroriseringa fredelege demonstrantar i Egypt, heiter det i ei fråsegn frå Den muslimske brorskapen. Organisasjonen gjer det klart at dei vil halde fram demonstrasjonane heilt til Mohamed Morsi er sett fri og gjeninnsett som president.

Adly Mansour er fungerande president i Egypt.

Fungerande president Adly Mansour ber om nasjonal forsoning i Egypt.

Foto: Fady Fars / Ap

Familien til Mohamed Morsi har sagt at dei vil saksøkje den egyptiske staten for å ha bortført den lovleg valde presidenten og for å halde han fanga. Dei nye makthavarane seier at Morsi blir halden på ein «trygg stad til sitt eige beste».

Mannen som er sett inn som president inntil vidare, Adli Mansour, bad i ein tale i går kveld om ei nasjonal forsoning i Egypt. Det er ingenting som tyder på at det er mogleg no. Observatørar karakteriserer Egypt som meir splitta enn nokon gong tidlegare.

Han heldt talen i samband med at det i dag 23. juli er nasjonaldagen i Egypt.

LES OGSÅ: USA-besøk i Egypt preget av uro

LES OGSÅ: – Morsi avhøres om fangeflukt

Internasjonalt press

Mansour og administrasjonen hans har hittil motstått internasjonalt press for å setje Mohamed Morsi fri. Både USA og EU har bede om at den demokratisk valde presidenten skal setjast fri.

Den egyptiske hæren fryktar at dersom Morsi igjen blir ein fri mann, så kan det få fleire av støttespelarane hans ut i gatene for å demonstrere. Hittil har det vore langt færre som har demonstrert si støtte til Morsi på gateplan, enn dei som demonstrerte for at han måtte gå av.

Det var desse massedemonstrasjonane mot Morsi som fekk den egyptiske hæren til å avsetje presidenten.

LES OGSÅ: Strukturene bak Egypt-opptøyene

Gatekampar i Kairo.

Ni menneske er drepne i uro mellom tilhengjarar og motstandarar av Mohamed Morsi i Kairo dei siste dagane.

Foto: Hussein Malla / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt