Hopp til innhold

Like lite stråling som frå ein banan

Strålinga i den japanske hovudstaden Tokyo gjer per time ikkje meir skade enn ein banan i magen, viser målingar i byen.

Tsunamien slår inn over land i Fukushima

Jorskjelvet 11. mars skapte ein tsunami som kan ha teke livet av så mange som 28.000 menneske.

Foto: SADATSUGU TOMIZAWA / Afp
Fukushima

No er dei fleste bekymra for om radiokative utslepp frå Fukushima Daichii-kraftverket skal gjere enda større skade.

Foto: Ap

I Tokyo er det i dag målt 0,23 mikro-Sievert per time, ifølgje Metropolis Magazine. Bakgrunnsstrålinga i byen er vanlegvis 0,14 mikro-Sievert i timen, ifølgje same nettstad.

Strålinga frå Fukushima-kraftverket utgjer dermed per no eit tillegg i Tokyo på i underkant av 0,1 mikro-Sievert kvar time. Det er det same som ein får i seg ved å ete ein banan.

Minst 10.000 menneske er stadfesta omkomne etter jordskjelvet og tsunamien som råka Japan 11. mars.

Det er lite håp om finne enda 17.500 som er registrert sakna. I tillegg misste om lag 250.000 hus og heim.

Likevel handlar det meste om Fukushima Daichii og faren for radioaktive utslepp.

Banan-ekvivalent-dose (BED)

Måleeininga Bequerel viser kor stor radioaktivieten er, men dette seier lite om kor farleg strålinga er for kroppen.

Kort fortalt finst det fleire typar stråling med ulik skadeverknad, alt etter kva for radioaktivt stoff det er snakk om. Vi har difor måleeininga Sievert som fortel kor farleg strålinga er for kroppen.

For å gjere det lettare å forstå kor farleg strålinga er, målt mot naturlege dosar, har nokon funne det tenleg å innføre ei banan-ekvivalent-dose (BED).

Eininga svarer til kor mykje stråling som blir teke opp i kroppen når ein et ein banan. Ein BED er lik 0,1 mikro-Sievert.

Bananer

Banan er naturleg radioaktivt, men ikkje farleg å ete.

Foto: colourbox.com / colourbox.com

Langt frå lovleg dose

Å bli utsett for ein Sievert i timen, blir sett på som dødeleg. Halvparten av alle som blir utsett for slik stråling, vil ikkje overleve.

Ved fem prosent av dette nivået er det framleis lov for folk å arbeide ved eit kjernekraftverk. Når målingane går over 0,05 Sievert i timen, blir arbeidet lagt ned.

0,0000002 Sievert i timen (0,2 mikro-Sievert) utgjer normal gjennomsnittleg bakgrunnsstråling målt i dei fleste byar i verda.

Strålingsnivået i Tokyo endrar seg med vêr og vind. Om vinden kjem frå Fukushima-området, og det regnar, vil strålingsnivået gå opp.

Men målingane som Metropolis har offentleggjort på sine sider, viser at det uansett vêr og vind ikkje er målt meir enn 0,36 mikro-Sievert i Tokyo nokon dag etter jordskjelvet.

– Langt farlegare i Libya

Sunniva Siem

Kjernefysikar Sunniva Siem ved Fysisk instiutt på Universitet i Oslo, meiner journalistar tar lite risiko i Japan, men stor risiko i Libya.

Foto: UIO

Kjernefysikar Sunniva Siem kan ikkje forstå at journalistar måtte rømme frå byen på grunn av strålefaren. Ho sjølv hadde ikkje hatt problem med å ta på seg ein jobb i Tokyo slik det står til no. I Libya derimot.

– Journalistane rømmer Tokyo, men strøymer til Libya. Der er det jo ein reell fare for å bli teken til fange, skadd eller drepen. Desse journalistane utset seg for reell fare, seier ho.

Då evakueringa skjedde var det fordi redaksjonane frykta nedsmelting eller ein eksplosjon ved Fukushima-kraftverket. Det har til no ikkje skjedd, og Siem samanliknar tilstanden i Tokyo før og etter jordskjelvet med skilnaden det er å bu i eit trehus samanlikna med eit murhus.

– Hadde det vore farleg å vere i Tokyo no, ville ingen ha fått lov å bu i murhus. Men slik er det jo ikkje, seier ho.

Her er ei oversikt over strålingsdosar vi blir utsette for i kvardagen. Det er samanlikna med kor farleg det er å vere ein time i Tokyo i dag.

Radioaktiv stråling i dagleglivet

Stråling frå:

Mikro-Sievert per time

BED

Dagens strålenivå i Tokyo svarar til:

Ete ein banan

0,1

2,3

2,3 bananar i timen.

Røntgen av bryst

40

920

0,00575 røntgenbilete i timen. Ei veke i Tokyo gir like mykje stråling som eitt bilete.

Flytur til utlandet

20

460

0,0115 flyturar i timen. To veker i Tokyo gir like mykje stråling som ein flytur til utlandet.

Røyke ein sigarett*

2,7

62,1

0,08 sigarettar i timen. 12 timar i Tokyo gir like mykje stråling som ein sigarett.

Bu eitt år i eit hus

2000

46000

0,00012 år per time. Eitt år i Tokyo gir like mykje stråling som å bu i eit vanleg hus i eitt år (tillegg).

Sjå fjernsyn i eitt år

300

6900

0,00077 år per time. 50 dagar i Tokyo gir like mykje stråling som ein får i seg ved å sjå på fjernsyn i eitt år.

Drikke eitt glas vatn

0,15

3,45

1,53 glas i timen.

Sove saman med ein annan person

20

460

0,0115 per time. To veker i Tokyo gir like mykje stråling som å sove saman med ein person i 8 timar.

Røntgen hos tannlegen

5

115

0,046 per time. Eitt døgn i Tokyo gir like mykje stråling som eitt røntgenbilete.

Eitt år med kjernekraftverk i nabolaget

10

230

0,023 per time. To døgn i Tokyo gir like mykje stråling som å bu ved eit kjernekraftverk i eitt år.

Ekspander/minimer faktaboks

*) Om ein og ein halv pakke er 30 sigarettar. Kjelde: The Daily Beast

*) Basert på et ein og ein halv pakke er 30 sigarettar.
Kjelde: The Daily Beast

Ingen Tsjernobyl - enno

15. mars råda Utanriksdepartementet alle mot å reise til eller opphalde seg i Japan . Den norske ambassaden i Tokyo bestemte seg i førre veke for å evakuere Tokyo. Dei flytta til Kobe , og forklarte at det var eit beredskapstiltak.

Dei ville vere ute av Tokyo om katastrofen skulle skje ved Fukushima, og strålinga auke dramatisk.

Det fekk britiske miljøaktivisten Mark Lynas til å reagere. Han meiner Noreg bidreg til å skape panikk rundt strålefaren i Japan.

– Det er større fare ved å køyre ut av Tokyo enn ved å ble verande og utsette seg for strålinga, sa han til Teknisk Ukeblad etter evakueringa.

Han meiner japanarar som fryktar at styresmaktene skjuler sanninga, kan få styrkt sine mistankar ved slik handling. For å motverke panikken, har han mellom anna tilbode seg å ete all radioaktiv mat og drikke både mjølk og vatn som er fråråda.

PS: Samanlikninga med å ete ein banan er eigentleg lite relevant. Bananen er radioaktiv, men den radioaktive strålinga i bananen kjem frå grunnstoffet kalium, som vi har nok av i kroppen. Vi vil difor ikkje ta skade av å ete bananar, fordi radioaktiviteten forsvinn ut av kroppen.

Det er det same prinsippet som gjer at folk blir oppfordra til å ha jod-tablettar tilgjengeleg i Japan no. Om strålenivåa blir høgare, kan ein oppfylle jod-behovet i kroppen med eit kunstig inntak, og unngå å ta opp radioaktiv jod.

SISTE NYTT

Siste nytt