Hopp til innhold

Folk fanga i ruinane etter jordskjelv i Japan

Minst 48 personar skal vere døde etter jordskjelva som ramma Japan måndag. Det er åtvara om både etterskjelv og nye jordskjelv dei neste dagane.

TO menneske går i ei totalskadd gate.

BUDD PÅ MEIR: Jordskjelva som hittil har kravd 48 liv, er venta å halde fram dei neste dagane.

Foto: Kyodo via / Reuters

Tysdag morgon norsk tid skal om lag 120 menneske vere fanga i ruinane etter at eit kraftig jordskjelv ramma Ishikawa-regionen i Japan måndag.

Det melder nyheitsbyrået Reuters.

Den japanske hæren har sendt over tusen tilsette til Notohalvøya, som skal vere det hardast ramma området. Men på grunn av skadde og blokkerte vegar, skal redningsarbeidet vere svært krevjande.

Statsminister Fumio Kishida seier at landet no står overfor «ein kamp mot klokka» for å redde overlevande.

Folk går på ein veg. Bak dei er eit totalskadd hus.

Wajima var ein av dei hardast ramma byane. 14 personar skal vere fanga i ruinane her.

Foto: Kyodo via / AP

Ifølge japanske medium er det hittil bekrefta at 48 personar har døydd som følge av jordskjelvet. Det er venta at talet vil stige det neste døgnet.

Skip skylt på land

Nærare 100.000 fekk måndag beskjed om å evakuere til tilfluktssenter, som idrettshallar og skular. Sidan har det blitt registrert 155 jordskjelv, ifølge japanske meteorologar.

Det kraftigaste hadde ein styrke på 7,5, som er det nest høgste på skalaen.

Styresmaktene varsla også om at ei tsunamibølge på om lag fem meter kunne inntreffe etter jordskjelva. Varselet blei nedskalert, før det tysdag morgon blei oppheva.

Den største flodbølga som blei registrert, var på 1,2 meter, og trefte byen Wajima. Skip blei skylt på land - og hus ut i havet. Øydeleggingane skal vere enorme.

Japanske medium melder at titusenvis av japanarar mest sannsynleg har mista heimane deira det siste døgnet, men at styresmaktene enno ikkje har oversikt over nøyaktig kor mange.

USA og Canada har sagt at dei vil hjelpe til med oppryddingsarbeidet.

Kystlinje viser eit hus i havet. Røyk kjem frå eit anna hus på land. Dei fleste husa er øydelagde.

Notohalvøya var episenteret for dei kraftigaste jordskjelva måndag. Dei høgste flodbølgene registrerte her, var på 1,2 meter.

Foto: JIJI PRESS / AFP

Men faren er ikkje over enno.

Det er frykta at det vil kome fleire jordskjelv og etterskjelv dei neste dagane:

– Bebuarane må vere på vakt for ytterlegare moglege skjelv, åtvara statsminister Kishida måndag.

Seismolog Susan Hough seier til CNN at etterskjelv til så store jordskjelv, kan halde fram i fleire månadar.

SISTE NYTT

Siste nytt

Eksklusivt intervju med Israels nye talsperson: – Vi er den mest humane hæren nokosinne

Israel hevdar UNRWA-tilsette er knytte til terror, at 18 Hamas-bataljonar er knuste og sår tvil ved talet på drepne palestinarar. Men bevisa er få.