Hopp til innhold

Flyttar ambassaden til Kobe

Ambassadør Arne Walther og den norske ambassaden i Japan flyttar frå Tokyo til Kobe.

Norsk ambassadør til Japan, Arne Walther.

Norsk ambassadør til Japan, Arne Walther.

Foto: Junge, Heiko / Scanpix

Utanriksdepartementet gav i helga nye reiseråd til nordmenn i Japan . Nordmenn vart bedne om å reise frå fleire regionar, mellom anna regionen der Tokyo ligg.

– Dette er eit beredskapstiltak, seier Frode Andersen i Utanriksdepartementet.

– UD som arbeidsgjevar må også tenke på vårt eige personell, og av den grunn har vi no flytta ambassadepersonellet vårt til Kobe for å jobbe vidare derfrå, seier han.

Flyttar frå stråling

Endringa heng saman med den uavklarte situasjonen ved kjernekraftverka nord i landet , og at ein ventar at vinden skal snu og ta med seg radioaktiv stråling inn til Tokyo.

Flyttinga vil ikkje endre arbeidsdagen nemneverdig for ambassadør Arne Walther.

– Vi formidlar stadig kontakt både til utanriksdepartementet og til ambassaden. Vi tar også eigne initiativ og kontaktar nordmenn, seier han.

Deler ut jod-tablettar

Walther fortel at ambassaden oppdaterer nettsidene sine med siste nytt for nordmenn i Japan

– Og no, etter at det er bestemt av kriseutvalet for atomberedskap, blir det frå i dag delt ut jod-tablettar til dei som ønskjer det, seier han.

Ambassaden opplyser at publikum må kunne vente noko redusert servicenivå etter flyttinga.

15. mars råda UD alle mot å reise til eller opphalde seg i Japan .

Grå røyk frå reaktor tre ved Fukushima

Utanriksdepartementet fryktar følgjene av stråling frå det øydelagde kjernekraftverket i Fukushima.

Foto: Ap

SISTE NYTT

Siste nytt