NRK Meny
Normal

Krev angrep på Nord-Korea

Demonstrantar i Sør-Korea lagar bål av Nord-Korea-artiklar og krev angrep mot naboen i nord etter nye skot i dag.

Video Krever tøffere tiltak mot Nord-Korea

Demonstrantar i gatene i Seoul lagar Nord-Korea-bål.

Sørkoreanarane vil ha Nord-Korea vekk

Sørkoreanarane er leie av provokasjonar frå naboane i nord...

Foto: JUNG YEON-JE / Afp
Krav angrep mot Pyeongyoang

..og krev at Sør-Korea angrip Nord-Korea.

Foto: JUNG YEON-JE / Afp
Politiet sløkkjer Nord-Korea-bål

Sivilkledd politi i Seoul prøver å sløkkje eit bål av det nordkoreanske flagget og portrett av Kim Jong-il.

Foto: LEE JAE-WON / Reuters

Folk i Sør-Korea er leie av provokasjonar frå Nord-Korea. Etter at det i dag på ny er meldt om skyting på nordkoreansk side på grensa ved Yeounpyeong-øya i Gulehavet, har demonstrantar gått i gatene og laga bål av nordkoreanske artiklar.

I dag kunne ein høyre nye granateksplosjonar utanfor øya Yeounpyeong, der fire personar vart drepne i eit angrep frå Nord-Korea for tre dagar sidan.

Artilleriøving

Forsvaret i Sør-Kora seier no at det var seks eksplosjoanr på litt mindre enn tre timar. Dei undersøkjer no kvar eksplosjonane kom frå, men stadfestar at øya ikkje er treft.

Forsvarsdepartementet i Sør-Korea seier dei trur dette var ei artilleriøving frå Nord-Korea.

– Skota var ikkje rett mot oss, og vi trur lyden av eksplosjonar kom etter ei artilleriøving på nordkoreansk territorium, seier forsvarstalsmann Lee Bung-woo til nyheitsbyrået Yonhap.

Fryktar full krig

Etter angrepet 23. november har heile verda oppfordra begge landa på den koreanske halvøya til å vere tilbakehaldne i frykt for at konflikta mellom dei to landa skal bryrte ut i krig.

Begge land skuldar på naboen for at angrepet tysdag skjedde, og begge har sagt at dei ikkje vil godta nye provokasjonar.

I den sørkoreanske hovudstaden Seoul markerte demonstrantar meldingane om nye skot i dag med å tenne på nordkoreanske effektar i gatene.

Røyk på Yeonpyeong

Røyk stig opp frå den omstridde øya Yeonpyeong etter at det i dag er skote nye granatar frå Nord-Korea. Sørkoreansk forsvar seier øya ikkje er treft.

Foto: Lee Jin-man / Ap
Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt