Hopp til innhold

Nord-Korea åtvarar mot militærøving

Koreahalvøya er på randen av krig som følge av militærøvinga som Sør-Korea og USA planlegg å gjennomføra i Gulehavet, åtvarar Nord-Korea.

Nord Korea trugar med nye åtak

Nordkoreanske soldatar nær grensebyen Siniuju. Situasjonen på Korea-halvøya er anspent etter at Nord-Korea tysdag gjekk til åtak på ei sørkoreansk øy.

Foto: FREDERIC J. BROWN / Afp

Militærøvinga som «dei amerikanske imperialistane og det sørkoreanske marionetteregimet sine krigsaktige styrkar» planlegg å gjennomføra i Gulehavet, er «sabelrasling», skriv Nord-Koreas statskontrollerte nyheitsbyrå KCNA, ifølgje NTB.

«Situasjonen på Koreahalvøya beveger seg nærare randen av krig som følgje av desse krigshissarane sine skøytelause planar om nok ein gong å stabla på beina ei militærøving retta mot Nord-Korea», fastslår nyheitsbyrået.

Militærøvinga skal etter planen starta søndag og vara i fire dagar.

Situasjonen har vore svært anspent i regionen etter at Nord-Korea tysdag skaut rundt hundre granatar mot øya Yeonpyeong i Gulehavet.

Fire sørkoreanarar, deriblant to soldatar og to sivilpersonar, blei drepne i åtaket.

Forvirring rundt ny forsvarsministeren

I går sa den sørkoreanske forsvarsministeren opp stillinga si etter kritikk frå styresmaktene for å ha reagert for seint etter åtaket frå Nord-Korea.

Natt til fredag norsk tid melde det sørkoreanske nyheitsbyrået Yonhap om at presidenten i landet hadde peikt ut den yrkesmilitære sikkerheitsrådgjevaren Lee Hee-won til ny forsvarsminister.

Seinare på dagen avviser Sør-Korea at dei har utnemnd ein ny forsvarsminister.

– Fleire kandidatar er under vurdering, seier Hong Sang-pyo ved presidenten sitt kontor i ei pressemelding fredag.

SISTE NYTT

Siste nytt