Hopp til innhold

Ny artilleriskyting i Gulehavet

Ny skyting med artilleri kunne fredag høyrast utanfor den sørkoreanske øya Yeonpyeong.

Video Artilleri høres fra Nord-Korea

Tre dagar etter eit dødeleg nordkoreansk åtak, vert det igjen meld om skyting nær grensa mellom Sør- og Nord-Korea.

– Det er truleg snakk om ei militærøving på nordkoreansk territorium, seier kjelder i det sørkoreanske forsvarsdepartementet til nyheitsbyrået AFP.

Ifølgje det sørkoreanske militæret er det varsla om to eksplosjonar utanfor øya i Gulehavet som tysdag denne veka vart angripen av Nord-Korea.

– Folk flyktar

– Dei to eksplosjonane skal ha skjedd med fem sekundars mellomrom og kunne høyrast svakt frå Yeonpyeong, seier ein korrespondent for TV-kanalen YTN.

Korrespondenten fortel at dei som framleis ikkje hadde evakuert til fastlandet av dei 1600 øybebuarane, no flyktar inn i tilfluktsrom, med tysdagens åtak friskt i minnet.

Hovudvegane på øya har i tillegg vorte avstengde, opplyser lokale styresmakter.

Evakuerer øybebuarar etter nordkoreansk åtak

Mange av dei fastbuande på øya Yeonpyeong vart torsdag evakuerte til det sørkoreanske fastlandet i frykt for nye åtak frå nord.

Foto: Wally Santana / Ap

– Truleg øving

Det sørkoreanske militæret arbeider no får å finna årsaka til smella, og seier det førebels verkar som om skytinga stammar frå ei militærøving i nordkoreansk farvatn.

Eit vitne opplyser til Reuters at ein kunne høyra eksplosjonslydar, men at øya Yeonpyeong ikkje er treft.

Det er førebels ikkje rapportert om skader på sørsida av grensa, og det har ikkje landa prosjektil på sørkoreansk territorium, får nyheitsbyrået Yonhap opplyst av Lee Bung-woo, ein talsperson for den sentrale sjefsnemda i den sørkoreanske hæren like før klokka 08.30 norsk tid.

– På randen av krig

Situasjonen på Korea-halvøya har vore svært spent etter at fire personar vart drepne, 18 såra og fleire bygningar sette i brann då Nord-Korea angreip øya med eit hundretals granatar tysdag morgon. To av dei drepne var sivilie, og to var sørkoreanske soldatar.

Nord-Korea sa angrepet var eit motangrep, og at det var Sør-Korea som starta skytinga.

Nord Korea gjekk tidleg fredag ut og åtvara sterkt mot ei fire dagars militærøving som Sør-Korea og USA planlegg å gjennomføra i Gulehavet frå søndag.

– Situasjonen på Koreahalvøya beveger seg nærare randen av krig, varslar det statleg kontrollerte nyheitsbyrået KCNA.

Nord-Korea angrep sørkoreansk øy

Både FN, USA og Russland fordømmer Nord-Korea sitt åtak på Sør-Korea tysdag. Sjølv Kina, den næraste støttespelaren til Nord-Korea, har gjeve uttrykk for bekymring.

Foto: YTN

– Frykten i Sør-Korea no er at Nord-Korea vil angripa på nytt under denne øvinga, og at det då kan bli nye trefningar, fortel NRK sin utanriksmedarbeidar Peter Svaar.

Han påpeiker likevel at sterk språkbruk ikkje er noko nytt frå det nordkoreanske regimet.

Utsikt mot Nord-Korea frå Yeonpyeong

Nordkoreansk territorium sett frå den sørkoreanske øya Yeonpyeong.

Foto: KYODO / Reuters

SISTE NYTT

Siste nytt