Hopp til innhold

– Det var Sør-Korea som starta

Innholdet som skulle vises her støttes dessverre ikke lenger.

Nord-Korea hevdar det var Sør-Korea som skaut først, og at dei berre svarte på eit angrep, melder det statlege nyheitsbyrået KCNA.

Sør-Korea har ein militærbase på øya Yeonpyeong og starta artilleriøving der i dag, fortel dei som bur på øya like ved det nordkoreanske fastlandet.

Ein talsmann for det sørkoreanske militæret stadfestar at det vart avfyrt ein granat, men seier denne vart skoten vestover, og ikkje mot nord, skriv NTB.

Alle dei 1600 som bur på øya har flykta til bunkerar etter at minst 200 granatar ifølgje sørkoreanske media er sleppte over øya i dag.

To sørkoreanske soldatar er stadfesta drepne i angrepet, som skal ha vart i ein time.

Kraftige smell

Det er i tillegg meldt om 13 såra soldatar, fire av dei skal vere alvorleg skadde. Minst tre sivile skal også vere såra, ifølgje nyheitsbyrået Yonhap.

– Vi såg sterke lysglimt og høyrte kraftige smell over heile landsbyen. Opptil 10 hus var svøypte i flammar, fortel 62 år gamle Woo Soo-Soo til nyhetisbyrået AFP.

– Svart røyk steig opp frå husa, seier han.

Granatane skal ha kome frå fleire stadar i fjellsida rundt landsbyen.

– Vi er så redde

– Folk i landsbyen flykta til bomberom medan andre flykta til hamna og prøvde å kome seg unna på den måten, seier Woo.

Han seier han ikkje kan hugse at Nord-Korea har angripe øya tidlegare. Det seier også 52 år gamle Byun (fornamn ukjent) til nyheitsbyrået Yonhap.

– Eg har budd i denne landsbyen sidan eg vart fødd, men eg har aldri opplevd noko slikt før, seier han.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Her faller granatene i Sør-Korea

Folk følgjer med på brannane på øya frå fastlandet.

Ein 35-åring seier dei som er i bomberomma no er redde for kva som skal skje vidare.

– Eg var heime då eg høyrte lyden av eksplosjonane. Eg skunda meg ut og så nabolaget i flammar. Vi er no i eit bomberom. Vi er så redde, seier han til Yonhap.

Eskorterer bort ferjer

Den vesle øya ligg like sør for grensa som FN oppretta mellom nord og sør etter koreakrigen i 1950-53.

Nord-Korea har ikkje godkjent grensa. To gonger, i 1999 og i 2002, har det vore samanstøytar i havområdet der folk har blitt drepne.

Ifølgje ein talsmann for byen Incheon er straumen borte på øya, der ferjer fraktar folk vekk.

– Brannane spreier seg opp i fjellsidene etter angrepet frå nord. Vi følgjer med på overvakingskamera som er utplasserte på øya, seier han til nyheitsbyrået AFP.

Kystvakta seier ferjer og fiskebåtar er utestengde frå havområdet rundt øya no. Dei opplyser at 87 fiskebåtar og to passasjerferjer blir eskorterte til tryggare farvatn.

Folk følgjer med frå fastlandet

Folk følgjer med på brannane på øya frå fastlandet.

Foto: STR / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt