Hopp til innhold

Sør-Korea: Dette kan vi ikkje tilgi

Vi kan ikkje tilgi angrep på sivile, seier den sørkoreanske presidenten Lee Myung-bak.

SKOREA-NKOREA-MILITARY

President Lee Myung-bak på besøk i det militære kontrollsenteret i dag.

Foto: DONG-A ILBO / Afp

– Vilkårlege angrep på sivile er utilgiveleg, også i humintær forstand, seier den sørkoreanske presidenten ifølgje nyheitsbyrået AFP.

Dei siterer ei kjelde i administrasjonen hans, som uttaler dette på vegner av presidenten.

– Sidan Nord-Korea framleis er i angrepsposisjon, har vi våre militærstyrkar klare til å møte nye provokasjonar med eit stort arsenal, seier han.

To sørkoreanske soldatar er drepne og fleire er såra i eit nordkoreansk angrep mot øya Yeonpyeong i Gulehavet nær grensa til Nord-Korea.

– 200 granatar på ein time

Ifølgje sørkoreanske media eksploderte fleire enn 200 granatar på øya i angrepet som skal ha vart i ein time.

Stormakter som USA, Russland, Japan og Vest-Europa har fordømd angrepet. Det samme har NATO, og tryggingsrådet i FN kallar inn til krisemøte, ifølgje AFP.

(Artikkelen held fram under videoen.)

Video Her brenner øya i Sør-Korea

Øya Yeonpyeong i flammar.

Skuldar på kvarandre

Nord-Korea hevdar at det var Sør-Korea som starta, og at dei berre svarte på eit angrep.

Ein talsmann for det sørkoreanske militæret har sagt at dei fyrte av ein granat i dag, men at denne vart skoten vestover, og ikkje mot nord.

Trugar med hemn

Den sørkoreanske presidenten kalte inn til hastemøte med militærleiinga etter angrepet, og Sør-Korea gjorde det klart at dei ville hemne nye angrep strengt.

Nord-Korea har sagt at dei ikkje vil akseptere om sørkoreanske styrkar går over grensa.

– Vi vil fortsette med angrep om våre naboland krenkar våre grenser, uansett om det berre er med 0,001 millimeter, seier dei, ifølgje Sky News.

Alle dei 1600 innbyggjarane på øya har gått i bomberom eller reist til fastlandet i frykt for nye angrep.

Innbyggjarane frå Yoeonpyenog går i land

Innbyggjarane frå Yoeonpyenog går i land i på sørkoreansk fastland.

Foto: Ha Sa-hun / Ap

SISTE NYTT

Siste nytt