Hopp til innhold

Kappløp for å løysa eit million år gammalt klimamysterium

Hundrevis av millionar blir brukt av USA, Europa, Australia og Kina for å få tak i verdas eldste is.

Sveitsarar som tester boring i is

Her testar sveitsarar RADIX-boret som er eit av fleire framskritt innan boreverktøy-teknologien dei siste åra, og som kanskje kan bli brukt for å finna ordentleg gammal is.

Foto: EPICA

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

Det er ABC, Australias svar på NRK, som fortel om det dei kallar klimaforskingas heilage gral – å finna ein million år gammal is i Antarktis.

Til no er den eldste isen som er funnen 800.000 år gammal. Han blei henta opp for rundt 10 år sidan.

For ein million år sidan endra istid-syklusen seg. Før då var det is tid på jorda i 20.000 år, som så blei følgt av 20.000 istidsfrie år. Men det siste millionåret har det vore cirka 80.000 år med istid før det blei 20.000 istidsfrie år. Ingen veit korfor.

Hideaki Motoyama, project leader of the National Institute of Polar Research, holds a old ice

I 2006 sa japanarane at dei hadde funne is som var ein million år gammal. Men det viste seg seinare at isen «berre» var 720.000 år gammal.

Foto: Toru Hanai / Reuters

Etter at dei australske forskarane har fått ei løyving på 45 millionar australske dollar, snaue 300 millionar norske kronar, har dei nok pengar til å setja ordentleg i gang.

Ishard konkurranse

Også britane er ifølgje Nature i gang med å bora under den antarktiske isen. Og dei satsar endå eldre – dei vil finna is som er ned mot 1,5 millionar år gammal.

I samarbeid med andre europeiske land gjennom prosjektet Epica skal dei bora for å finna ut kor det vil kan vera bra.

Europearane har sett av endå meir pengar enn australiarane. Over 400 millionar kronar reknar dei europeiske landa med å bruka på å henta opp den urgamle isen.

Kinesarane er allereie i gong med å bora, ifølgje ABC, og Nature melder at amerikanarane også vil vera med på leiken.

Forskarane frå USA har eit bor som åleine kostar rundt 90 millionar kroner. Det skal vera det einaste boret som i tillegg til is også kan henta opp steinar frå botnen.

Men det er ikkje sånn at alle sit på kvar sin isflekk og jobbar heilt aleine, europearane har hatt samarbeid både med Australia, USA og Japan.

Les også: Hun er sjefen for Norges sydligste forskningsstasjon

Må bora seg ned tre kilometer

troll-basen antarktis

På kontinentet Antarktis finst den eldste isen på jordkloden. Dette bilete er teke ved den norske Troll-stasjonen.

Foto: Junge, Heiko / NTB scanpix

Forskarane må ifølgje ABC bora seg ned rundt tre kilometer.

– Når me har funne staden må sette opp ein camp i fire år, og bora kvar sommar tre månader om gangen heilt ned til botnen av isen, seier australske van Ommen.

Brukar radarfly

Isforskar og professor Kerim Hestnes Nisancioglu ved Bjerknes senter for klimaforsking i Bergen har mest tru på det europeiske samarbeidet, som Noreg er partnar i, og amerikanarane.

Professoren viser også til at eit av dei områda som kan vera mest lovande, er i det norske interesseområdet Dronning Mauds land.

– Me veit at det finst is som er ein million år gammal. Det er også mogleg at det er is som er 1,5 millionar år gammal is, fortel han.

eksempel på bor som skal ned i tykk is

Eit slikt bor kan vera det som finn verdas eldste is.

Foto: Arild Færaas / EPICA

Men noko av problemet er at på botnen er kvart islag så tynt at ein må bora på dei rette stadene.

– Ein meter is kan innehalda mange tusen år med klimaarkiv og det er særs vanskeleg å sjå om kvar prøve ein analyserer blandar informasjon frå veldig mange år, seier Nisancioglu.

Derfor brukar nå forskarar ulike «hurtige» boremetodar – det vil vanlegvis seia tre månader – og fly med kraftig radar som flyr over Antarktis, for å finna stader kor det truleg kan bli bora etter den urgamle isen.

Britane skal bora seg ned heile 600 meter på berre sju dagar – utan å ta opp is, skriv Nature. Det er for å sjekka isotopar for moglege hint om kor gammal isen nede på botnen kan vera.

Hemmelegheiter i isen

Om forskarane får tak i så gammal is som dei håpar, kan dei analysera isprøvane, små luftbobler som ligg inni, og samansetningane av isotopar. Då kan ein få informasjon om temperatur, samt innhald av CO₂ og metan.

Antarktis-kart

Nede til høgre på dette kartet i nærleiken av George V land – omtrent 1100 kilometer frå kysten – håpar australiarane å finna ein million år gammal is. Europearane satsar meir på Dronning Mauds land som ligg heilt øvst.

Foto: NASA

– Me er særleg interesserte i samanhengen mellom CO₂ og temperaturen. Me veit at dei siste 800.000 åra har det hengt saman, men me veit ikkje noko om dette lenger tilbake i tid, seier is-ekspert Tas Van Ommen til ABC.

Årsaka til at jorda går inn i istid med jamne mellomrom har med sola, og jordas syklus rundt vår stjerne å gjera.

Temperaturendringane på veg inn og ut av istida skjer også mykje treigare enn ved den globale oppvarminga me no opplever. Akkurat no er jorda 1 grad varmare enn kva ho var før den industrielle revolusjonen.

Og når forskarane får meir kunnskap om fortida, vil dei og ha betre grunnlag for å sjå korleis klimaendringane kan bli i framtida.

– Me har informasjon frå marine sediment fleire millionar år tilbake, men i ein isprøve ligg det mykje meir informasjon, seier professor Kerim Hestnes Nisancioglu til NRK.

Les ein annan klimasak: Ingen tvil: Knusende varmerekord i 2015

Eit par teoriar korfor istid-syklusen endra seg

Professor Nisancioglu fortel at ingen veit korfor denne dramatiske endringa til meir istid skjedde for ein million år sidan.

Kerim Hestnes Nisancioglu

Professor Kerim Hestnes Nisancioglu har sjølv vore på Grønland for å forska på gammal is der. Men der er isen mykje yngre – rundt 150.000 år.

Foto: Privat

Men han viser til eit par teoriar.

– Den eine handlar om at når isen tidlegare har vakse i Nord-Amerika og Eurasia låg isen på mjuk berggrunn. Då har han flote mykje raskara og hatt større utbreiing, men mindre volum. Men etter kvart har isen skura bort dei mjuke sedimenta. Når isen då legg seg på hardare berggrunn set han seg meir fast og blir mykje tjukkare. Då blir isen meir stilleståande, og det tek lenger tid før han smeltar.

Men den teorien han sjølv har vore med å laga og har mest tru på, handlar om kontinentet Antarktis.

– Den teorien går ut på at Antarktis var mykje meir aktiv. Isen der vaks og rørte mykje meir på seg enn i dag.

antarktis

Om all isen i Antarktis smeltar, noko som er ekstremt usannsynleg sjølv om den globale oppvarminga tek av, vil havet stiga 60 meter.

Foto: Tore Meek / NTB scanpix

Dei siste millionen av år har isen på Antarktis vore veldig stilleståande, slik han er i dag. Men i «gamle dagar» kan han altså ha hatt større påverknad på jordas klima, enn kontinentet har i dag.

– Fundamental kunnskap

Kor langt tilbake situasjonen var slik den var før ein million år tilbake, er ikkje sikkert. Men ifølge Nisancioglu var han iallfall slik tre millionar år tilbake – altså at det var 20.000 år med istid, og 20.000 år utan istid.

– Kunnskapen om kva som skjedde for ein million år sidan er heilt fundamental. Og han er veldig viktig for å forstå framtida, seier han.

På nettsida til det europeiske samarbeidet EPICA skriv dei at å forstå samanhengen mellom karbonsyklusen, isen, atmosfæren og havet er veldig viktig for å laga effektive strategiar for å avgrensa klimaendringane, samt å tilpassa seg til dei.

Les meir:

Denne uken feiret forskningsstasjonen Troll.
Og for første gang er det en kvinne som er sjef på stasjonen.
Hun leder en gruppe på seks personer som ivaretar Norges interesser i Dronning Mauds Land.
Nå venter en lang og mørk vinter vår lørdagsgjest Marit Øvstedal.

SISTE NYTT

Siste nytt