Hopp til innhold

Kamala Harris har som mål å ta jobben frå Donald Trump

Oddsfavoritten Kamala Harris sa i dag at ho ønskjer å vere personen som utfordrar Donald Trump i 2020. Det ligg an til å bli uvanleg mange kvinner med i den amerikanske presidentvalkampen.

Election 2020 Kamala Harris

Kamala Harris er i gang med ein lang valkamp. Ho skil seg ut ved at ho er kvinne, er mørk i huda, og ved at ho er 52 år gamal - noko som er ungt i ein amerikansk valkamp.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

– Sanninga. Rettferd. Anstendig. Likskap. Fridom. Demokrati.

Det er seks ord som Kamala Harris meiner er amerikanske verdiar som er under press for tida. Ho trekkjer fram dei seks orda i ein video ho publiserte i dag, der ho varslar at ho offisielt vil lansere sitt presidentkandidatur i heimbyen Oakland, 27. januar.

  • Sjå Urix om kvinner i amerikansk politikk her

Målet hennar er å vinne presidentvalet i 2020. Og blant dei som set odds på presidentkandidatane er det Harris som vert peika på som favoritt - saman med sittande president Donald Trump.

Laster Twitter-innhold

Trump-kritikar

– Framtida til landet vårt står og fell på at du, og millionar av andre, hever røysta og kjempar for amerikanske verdiar, seier Harris i videoen.

Ho valde å dele nyheita på Martin Luther King-dagen, dagen som hadde blitt den tidlegare menneskerettsforkjemparen sin 90-årsdag. Ein dag som markerer kampen mot rasisme i USA.

Og i tillegg til å vere mørk i huda, er det også venta at Harris kan dra fordel av å vere kvinne, for mange er spente på om metoo-kampanjen kan påverke det amerikanske presidentvalet.

Demokratane skal først velje sin kandidat, før vinnaren skal stille til val mot republikanarane sin kandidat, Donald Trump, i november 2020.

Election 2020 Kamala Harris

Kamala Harris valde å lansere sitt kandidatur på Martin Luther King-dagen, som i år ville vore 90-årsdagen til den mørkhuda menneskerettsforkjemparen.

Foto: Manuel Balce Ceneta / AP

Og Harris er kjent for å vere særs kritisk til nettopp Donald Trump. Mellom anna kritiserte ho Trumps val av den omstridde Brett Kavanaugh som høgsterettsdommar, og ho har ved fleire høve kritisert presidenten direkte.

– Me kan ikkje stole på mykje av det som vart sagt i kveld, sa ho til CNN då Donald Trump hadde halde sin første «State of the Union»-tale - ein tale som skal ta for seg kva utfordringar USA står overfor.

54-åringen vert sett på som ung

Kamala Harris kjem frå California, der ho tidlegare jobba som riksadvokat, og er halvt tamil og halvt jamaicansk. Ho er 54 år, noko som gjer ho til ein relativt ung presidentkandidat, og så er ho kvinne. Både alder, minoritetsbakgrunn og kjønn gjer ho til ein kandidat som for mange representerer noko annleis.

Mykje tyder på at republikanarane ser på Harris som ein reell motkandidat, og dei trekkjer fram hennar relativt unge alder, i alle fall samanlikna med andre kandidatar, som eit fortrinn.

– 54 år gamle Harris er to tiår yngre enn fleire av hennar syttiårige konkurrentar - ein alder som gjer det mogleg for ho å appellere til Instagram-publikummet, utan å få på seg eit stempel som uerfaren, seier den republikanske strategen, Colin Reed, til Fox News.

Han legg til:

– Eit barn av innvandrarar, ho tek med seg mangfald inn i eit parti som besett av rase- og kjønnspolitikk, seier Reed.

Også republikanarane sin kandidat, Donald Trump, er for så vidt barn av ein innvandrar. Hans mor, Mary Anne MacLeod Trump, var 18 år då ho flytta frå Skottland til USA.

Mange kvinner med i valkampen

Det er venta at Harris vil rette mykje av valkampen mot amerikanarar med mørk hudfarge, og særskild dei unge. Ho har fleire militærveteranar med seg på laget, og ho understrekar at ho ikkje kjem til å ta mot pengar frå store selskap for å finansiere valkampen.

COMBO-US-POLITICS-VOTE-HARRIS

Uvanleg mange kvinner har meldt seg på i kampen om å bli demokratane sin presidentkandidat. Frå høgre er Tulsi Gabbard, Kirsten Gillibrand, Kamala Harris og til slutt Elizabeth Warren som har varsla at ho offisielt vil melde seg på valkampen ho også.

Foto: JOSEPH PREZIOSO / AFP

Harris er ikkje den første demokraten til å lansere sitt kandidatur. Andre aktuelle kandidatar er mellom andre Tulsi Gabbard, Kirsten Gillibrand og Julian Castro. I tillegg har senator Elisabeth Warren sagt at ho har starta arbeidet med å førebu sin valkamp.

Med andre ord er tre av dei fire mest aktuelle kandidatane kvinner. Til samanlikning har det i demokratane sine fire siste nominasjonsval berre vore ei kvinne blant dei fremste kandidatane. Hillary Clinton er den klart mest kjende, og vart som kjent demokratane sin første kvinnelege presidentkandidat ved valet i 2016.

Det er venta at mange demokratar vil melde seg på valkampen dei neste vekene. Blant dei som er venta å melde si interesse er to godt vaksne ringrevar; den tidlegare visepresident Joe Biden som er 76 år gamal og eit år eldre Bernie Sanders, som vart demokratane sin «nummer to» bak Hillary Clinton i 2016.

SISTE NYTT

Siste nytt