Hopp til innhold

Castro vil bli USAs president

Han har mexicanske anar, har vore minister i Obamas regjering og meiner USAs tryggingskrise handlar om Trump og ikkje flyktningar. Julian Castro har starta valkampen sin.

Sjå Julian Castro fortelje sine tilhengjarar at han stiller som presidentkandidat.

Då Julian Castro kunngjorde sitt kandidatur laurdag kveld, norsk tid, sa han at USA står overfor ei «leiarkrise». 44-åringen frå Texas har mexicanske anar og tok under si kandidaturlansering eit oppgjer med det Donald Trump har kalla ein «invasjon» frå nabolandet i sør.

– Han kalla det ei nasjonal krise. Vel, det finst ei krise i dag. Det er ei leiarskapskrise. Donald Trump har mislukkast med å behalde verdiane til landet vårt.

US-Castro-parties-vote

Julian Castro hadde samla mange tilhengjarar då han i går avslørte at han vil bli USAs neste president.

Foto: SUZANNE CORDEIRO / AFP

– USA går baklengs

Valkampen til Castro, som var bustadminister i Barack Obamas regjering, har fått slagordet «Ein nasjon – ein skjebne».

– I dag går me baklengs, i staden for å gå framover. Og dei moglegheitene som gjorde Amerika til det Amerika me elskar, dei moglegheitene når ut til stadig færre folk, sa Castro før han gjorde det klart at han stiller som presidentkandidat.

Castro er den andre demokraten med reelle vinnarsjansar som lanserer sitt kandidatur. Den andre er John Delaney som lanserte sitt presidentkandidatur allereie i juli 2017. Det er venta at ei lang rekke kandidatar kjem til å melde seg på i løpet av 2019.

Demokratane skal ikkje velje sin presidentkandidat før i juli 2020, og deretter startar kampen mot republikanarane sin kandidat, som sannsynlegvis blir Donald Trump. USAs neste president vert bestemt 3. november 2020.

#MeToo-effekt?

US-POLITICS-PARTIES-VOTE-WARREN

Elizabeth Warren har signalisert at ho kjem til å stille som presidentkandidat. Ho har dei siste åra fått ein del merksemd etter at Donald Trump kalla ho «Pocahontas».

Foto: JOSEPH PREZIOSO / AFP

Det har blitt stilt spørsmål ved om #MeToo-kampanjen kjem til å påverke valet på noko vis. Mellom anna er det venta at fleire kvinner enn vanleg kjem til å stille til val, og førebels er det klare signal på at to kvinner kjem til å kaste seg med i kampen ganske snart.

Den 69 år gamle senatoren Elizabeth Warren sa på nyttårsaftan at ho skulle starte arbeidet med å førebu ei kandidaturlansering. Ho hadde ein aktiv rolle i valkampen til Hillary Clinton i 2016, og har vore kritisk til Donald Trump fleire gonger og kalla han «uærleg» og «ein tapar».

Warren fekk også mykje merksemd då Donald Trump kalla ho «Pocahontas», som ein referanse til Warrens indianske genar.

Gabbard Eyeing The White House

Tulsi Gabbard er hindu frå Hawaii, med arbeiderfaring for den amerikanske hæren i Irak og Kuwait. Ho har sagt at ho vil lansere sitt presidentkandidatur i veka som kjem.

Foto: Marco Garcia / AP

Og 37 år gamle Tulsi Gabbard har sagt at ho i neste veke vil kunngjere offisielt at ho stiller som kandidat. Gabbard vart fødd i den vesle øystaten Amerikansk Samoa i Stillehavet, og familien flytta til Hawaii då ho var to år gamal.

Seinare har ho tenestegjort for den amerikanske hæren i Irak og Kuwait. Gabbard skil seg også ut ved å vere hindu, noko ho valde å bli i tenåra.

SISTE NYTT

Siste nytt