Hopp til innhold

Jomfru-stipend i strid med grunnlova

Ein offentleg kommisjon i Sør-Afrika har slått fast at det er i strid med grunnlova å gi stipend til jenter som kan bevise at dei er jomfruer.

Ordførar i Uthukela, Dudu Mazibuko.

Ordførar Dudu Mazibuko var ein av initiativtakarane til det omstridde jomfrustipendet i Ukuthela.

Foto: LEONARDO ANGELUCCI / Afp

Det er i kommunen Ukuthela i KwaZulu-Natal-provinsen dei har innført ordninga med ekstra stipend til jomfruer. Tanken bak var edel nok. Målet var å få ned talet på aids-smitta og få færre gravide tenåringsjenter.

Den offentlege kommisjonen for likestilling i Sør-Afrika har no slått fast at ordninga med jomfrustipend er i strid med lovverket på dette feltet. Ordninga vart også møtt med sterke protestar då ho vart innført tidlegare i år.

– Ikkje avgjerande

Thubelihle Dlodlo (18) fekk jomfrustipend.

18 år gamle Thubelihle Dlodlo var ei av jentene som fekk tildelt jomfrustipend i februar i år.

Foto: LEONARDO ANGELUCCI / Afp

– Ordninga er i strid med dei reglane og lovene vi har for sjølvrespekt, likestilling og diskriminering. Å vere jomfru er ikkje avgjerande i forhold til det å vere student, heiter det i ei fråsegn frå kommisjonen, ifølgje BBC.

Kommisjonen har gitt Ukuthela kommune ein frist på 60 dagar til å svare på avgjerda.

Ukuthela, som ligg i eit sosialt svært konservativt område i Sør-Afrika, har ikkje gitt ein offisiell kommentar til avgjerda i likestillingskommisjonen.

Sørafrikanske styresmakter reknar med at 6,3 millionar menneske i landet er HIV-positive, og at rundt ein av ti innbyggjarar i landet er berarar av viruset. Det har også vore ein sterk auke i talet på gravide tenåringsjenter.

Kongeleg seremoni

Ei undersøking viser at det i 2013 var nesten 100.000 gravide tenåringsjenter i landet, medan talet var 68.000 to år tidlegare.

Då stipendordninga for jomfruer vart innført, sa ordføraren i Ukuthela, Dudu Mazibuko, at korkje kommunen eller universiteta skulle stå for jomfru-testen.

Det var berre jenter som hadde gått gjennom ein jomfrutest i samband med ein årleg seremoni arrangert av Zulu-kongen, som var aktuelle for stipendet.

Menneskerettsgrupper i Sør-Afrika er glade for avgjerda i kommisjonen.

kwazulu

En mulighet for kvinner å beskytte seg mot hiv

Erkebiskop Tutu: – President Zuma må betale tilbake det han tok

ANCs veteraner ber Zuma gå av

SISTE NYTT

Siste nytt