NRK Meny
Normal

IS hevdar demning nær Raqqa er i fare for å kollapse

Terrorgruppa IS har søndag oppfordra innbyggarane i sitt syriske hovudsete i Raqqa om å evakuere etter rapportar om at Tabqa-demninga like ved kan kollapse.

SDF-soldat ved Eufrat

Ein SDF-soldat ser utover Eufrat-elva nord for Raqqa. Her ligg Tabqa-demninga, der ein kraftstasjon er sett ut av spel. IS skuldar på USA-leia luftangrep, noko USA nektar for.

Foto: RODI SAID / Reuters

Ekstremistgruppa hevdar at den USA-leia koalisjonens luftangrep har svekka demninga, som ligg ved Eufrat-elva rundt 40 km vest for Raqqa.

Også eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights melder dette. Kjelder AFP har snakka med stadfestar også at demninga er ute av drift, men meiner det ikkje er ein trugsel på kort sikt, fordi vatnet ikkje har stige mykje.

SDF, den kurdisk-arabiske alliansen som er støtta av USA, har prøvd å ta tilbake demninga frå IS sidan fredag. Dei har rykka fram eit stykke, men framgangen er langsam fordi IS har minelagd området.

Raqqa-offensiven nærmar seg

Ifølge aktivistgruppa «Raqqa blir slakta i stille» har fleire sivile begynt å flykte frå byen IS har hatt som sitt hovudsete sidan 2014, sjølv om det også blir meldt om at IS-medlemmer har brukt høgtalarar for å annonsere at demninga er trygg og at dei ikkje treng å reise, skriv BBC.

Samtidig melder AFP søndag om at den USA-støtta alliansen er i ferd med å ta kontroll over den IS-kontrollerte militærflybasen i same område.

– Kampar går føre seg inne på og rundt flybasen, og full kontroll over flybasen er venta innan dei neste timane, seier Talal Sello, ein talsmann for SDF-styrkane til AFP.

Laster kart, vennligst vent...

Tabqa-demninga er ein av tre demningar langs Eufrat i Syria. Den ligg berre 40 km frå Raqqa, som har vore under IS-kontroll sidan 2014.

Etter at dei har fått kontroll over Tabqa planlegg styrkane å rykke vidare mot hovudmålet; Raqqa. Kampen om den strategiske byen kan starte i løpet av dei neste dagane, sa den franske forsvarsministeren Jean-Yves Le Drian fredag, medan andre kjelder seier til Reuters at det er for optimistisk.

Tyrkia har prøvd å setje seg imot offensiven fordi SDF er dominert av den kurdiske YPG-militsen. Dei knyter YPG-militsen til det forbodne kurdiske arbeidarpartiet PKK, som den tyrkiske staten har vore i konflikt med i fleire tiår.

USA ser seg på si side heilt avhengige av bidraget frå dei syriske kurdarane, og det er venta at USAs forsvarsminister Rex Tillerson vil ta opp dette når han besøker Ankara neste veke.

Jihan Sheikh Ahmed, SDF

Jihan Sheikh Ahmed, offisiell talsperson for Raqqa-kampanjen til SDF, snakkar på ein konferanse aust for Raqqa, 26. mars 2017. Offensiven mot Raqqa begynner å nærme seg, parallelt med Mosul-offensiven mot IS i Irak.

Foto: RODI SAID / Reuters

Uro for fleire sivile tap

Det syriske nasjonalrådet (SNC) som representerer opposisjonen under ei ny runde med fredssamtalar i Genève, seier at dei er stadig meir uroa for sivile i og rundt Raqqa idet kampanjen mot IS blir trappa opp.

Dei skuldar koalisjonsstyrker for å stå bak eit luftangrep der 30 sivile som hadde søkt ly i eit skulebygg blei drepne 21. mars. Koalisjonen har sagt at dei undersøker hendinga.

Ifølge eksilgruppa Syrian Observatory for Human Rights (SOHR) er 89 sivile drepne i Raqqa-provinsen i løpet av den siste veka.

Forventningane er ikkje høge idet den femte forhandlingsrunden blei starta i Genève denne helga.

– Fleire valdsepisodar dei siste dagane har underminert våpenkvila, sa FNs spesialutsending Staffan De Mistura laurdag i ei fråsegn spesielt retta mot Russland, Iran og Tyrkia.

Dei tre landa, som alle er partar i konflikten på kvar si side, blei einige om ei våpenkvile under fredssamtalar i Kasakhstan i januar, utan at så mykje vitnar om at partane respekterer denne på bakken.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt