Hopp til innhold

USA fryktar IS skal sprengje Mosul-demning

USA har bede innbyggjarane sine i Irak om å vere i beredskap i frykt for at IS skal sprengje den gedigne Mosul-dammen, noko som kan skape ei katastrofal flodbølgje

Mosul-demningen i Irak.

USA meiner det er fare for at den enorme Mosul-demningen skal kollapse, anten på grunn av sabotasje eller på grunn av dårleg vedlikehald.

Foto: Khalid Mohammed / Ap

IS kontrollerer ikkje lenger dammen, men hadde kontroll over han i ein periode frå august i 2014. Irakiske regjeringsstyrkar med flystøtte frå USA greidde å ta tilbake dammen eit par veker seinare, men den spente situasjonen i området har sidan resultert i mangelfullt vedlikehald.

Den islamske staten (IS)

Kurdisk Pesjmerga-soldat vaktar Mosul-demningen.

Ein kurdisk Peshmerga-soldat står på vakt ved Mosul-demningen utanfor Mosul i Irak.

Foto: AZAD LASHKARI / Reuters

Amerikanske styresmakter fryktar at anten manglande vedlikehald eller sabotasje frå IS, skal få den over 100 meter høge og 3,4 kilometer lange demningen til å bryte saman. Irakiske styresmakter har prøvd å tone ned faren, men USA ber likevel sine borgarar i landet om å førebu seg på eit katastrofe-scenario langs den viktige elva Tigris.

Ekspertar har rekna ut at om demninga blir sprengt, så vil Mosul by i løpet av eit par timar bli sett under 20 meter vatn. Byar som Tikrit, Samarra og Bagdad får mellom 24 og 72 timar på seg føre dei enorme vassmengdene kjem.

IS' trusselvideo mot USA: – Målet er å skremme

– Lang kamp for å beseire IS

– Liten fare

– Vi har ingen spesifikke opplysningar som indikere når eit slikt dambrot kan skje, men det er viktig å understreke at ei rask evakuering vil vere den mest effektive måten å redde fleire hundre tusen liv på, heiter det i åtvaringa til amerikanske statsborgarar i Irak.

Iraks statsminister Haider al-Abadi sa i helga at risikoen for eit dambrot i den gedigne konstruksjonen er ekstremt liten.

– Svensk tenåringsjente befridd fra IS-fangenskap

Svensk jente hjemme etter fangenskap i Irak

SISTE NYTT

Siste nytt