Hopp til innhold

Her var det farlegast å vere journalist i 2015

I Irak og Syria var det farlegast for journalistar i 2015. Men også for bloggarar og satireteiknarar har 2015 vore eit blodig år – også i land der det ikkje er krig.

Journalister, heilt ferdig

Ein fersk rapport frå Reporterar utan grenser viser at minst 67 journalistar vart drepne på grunn av jobben sin i 2015. I tillegg vart 43 journalistar drepne, men då av meir uklare eller tilfeldige årsaker.

Klart flest menn vert drepne

Og det er journalistar som rapporterer i sitt eige heimland som er mest utsette. Heile 97 prosent av dei drepne bur i landet kor dei vart drepne.

Og berre to av dei drepne er kvinner, syner rapporten som også har rekna seg fram til at det sidan 2005 er minst 787 journalistar som er blitt drepne.

Nokre vert drepne fordi dei er journalistar, medan andre hamnar i farlege situasjonar medan dei er ute på oppdrag. Men det er berre 36 prosent av dei drepne som var i krigsherja område då dei vart drepne.

Bloggarar er også i fare

Bloggarar og andre som uttrykker seg ved hjelp av språk er også utsette. Frankrike tek tredjeplassen på lista over land kor det er drepe flest journalistar på grunn av terrorangrepet mot Charlie Hebdo i januar i fjor. Åtte personar måtte då bøte med livet på grunn av satiren dei produserte.

I tillegg er fire bloggarar drepne i Bangladesh, i ei sak som har fått mykje merksemd, men som styresmaktene i landet har gjort lite for å følge opp. Dei fire bloggarane vart hakka i hel etter at dei tok til orde for større ytringsfridom og meir toleranse i Bangladesh. Drapsmennene er framleis ikkje arresterte eller stilt for retten.

Journalistar er også utsette for arrestasjonar og kidnappingar. Landa kor det er størst sjanse for å bli kidnappa er Syria, Jemen, Irak og Libya. Medan faren for å bli arrestert er størst om du er journalist i Kina, Egypt, Iran, Eritrea eller Tyrkia.

SISTE NYTT

Siste nytt