IS: – Har drepe japansk gissel

Den islamske stat (IS) har offentleggjort ein video som skal vise at den japanske journalisten Kenji Goto vert halshogd. Japanske styresmakter fordømmer drapet.

Japan Islamic State Self Censorship

Ein mann går forbi ein skjerm i Tokyos gater, der journalisten Kenji Goto er avbilda.

Foto: Eugene Hoshiko / Ap
JAPAN-IRAQ-SYRIA-CONFLICT-HOSTAGE

I Japan har mange mobilisert for å få merksemd rundt Goto sin situasjon. No hevdar IS at dei har halshogd journalisten.

Foto: YOSHIKAZU TSUNO / Afp

Japan har, saman med Jordan, prøvd å forhandle fram ein avtale med IS. For i tillegg til Kenji Goto, har også den jordanske flygaren Muath al-Kasaesbeh vore fanga av IS.

Islamistgruppa har truga med å drepe dei to gislane om ikkje Jordan slepp fri terrordømde Sajida al-Rishawi. Rishawi vart dømd til døden i Jordan i 2006, etter at ho vart arrestert med eit bombebelte under ein terroraksjon i Jordans hovudstad, Amman.

No melder SITE, ei teneste som overvaker ekstremistiske nettsider, at IS hevdar å ha drepe Goto.

Trugslar mot Japan

Både japanske og amerikanske styresmakter seier at dei no jobbar med å verifisere ein video som er lagt ut på nettet, og som skal vise avrettinga av Goto.

Japanske styresmakter går i kveld ut og fordømmer nyheita om at Goto er avretta, og landets øvste leiing er kalla inn til hastemøte.

Bøddelen i videoen skal ha gitt ein beskjed til japanske styresmakter. Han seier Japan er med i ein satanistisk koallisjon, og at marerittet er i ferd med å begynne for Japan.

Det skal ikkje ha blitt gitt noko meir informasjon om det jordanske gisselet i videoen.

Har forhandla

Tidlegare i dag sa Yasuhide Nakayama, ein representant for japanske styresmakter, at forhandlingane gjekk trått.

– Forhandlingane har låst seg, men me følger nøye med og analyserer og vurderer i fellesskap den informasjonen me har, sa Nakayama.

Opphavleg skal IS ha krevd 200 millionar dollar for å sette Goto fri, men kravet vart etterkvart endra til å få Rishawi lauslatt.

IS har gitt Japan og Jordan stadig nye fristar til å finne ei løysing dei siste dagane, utan at det så langt har gitt noko løysing.

Også førre laurdag sa IS at dei hadde drepe eit anna japansk gissel.

Laster innhold, vennligst vent..
Laster innhold, vennligst vent..

SISTE NYTT

Siste nytt