Norsk journalist sett fri: Raymond Lidal ute av Jemen

Den norske studenten og frilansjournalisten Raymond Lidal er sett fri, og er ute av Jemen. Det stadfester Utanriksdepartementet.

Raymond Lidal

Student og frilansjournalist Raymond Lidal.

Foto: NRK

Raymond Lidal blei arrestert av jemenittiske styresmakter i hovudstaden Sana 29. mars. Arrestasjonen skal ha skjedd då han fotograferte i Sana.Utanriksdepartementet har følgt opp saka frå den norske ambassaden i Riyadh i Saudi-Arabia sidan konsultatet i Sana er mellombels stengt.

– Eg kan stadfeste at Lidal er sett fri, og at han no er på veg ut av Jemen, seier kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet, Frode O. Andersen til NRK.

Kontakt med familien

Den første kontakten Lidal hadde med familien, fann stad 9. april. Då snakka han med foreldra på telefon. Fredag ringde han på nytt til foreldra sine. No er han altså på veg ut av landet.

– Vi har i vår kontakt med styresmaktene i Jemen gjort det klart at dei er fullt og heilt ansvarlege for liv og helse til den norske statsborgaren så lenge han er i deira varetekt, sa kommunikasjonssjef i Utanriksdepartementet, Frode O. Andersen til NRK etter arrestasjonen. UD har også hatt fortløpande kontakt med dei pårørande.

Raymond Lidal, som kjem frå Hordaland, er ein av få nordmenn som har opphalde seg i Jemen den siste tida. Den dramatiske utviklinga i landet har fått dei fleste til å reise. Men rett før påske kom meldingane om at Lidal blir halden tilbake i Sana.

Student og frilansar

Lidal reiste til Jemen i 2011 for å studere. Året etter tok han medieutdanning ved Nynorsk Mediesenter i Sogn og Fjordane. Han hadde praksis i Utanriksredaksjonen i NRK frå mai til juli i 2012, og var tilknytt NRK som tilkallingsvikar ut året. Deretter reiste han tilbake til Jemen. Sommaren 2013 hadde han eit kort sommarvikariat i NRK.

Raymond Lidal kombinerte studieopphaldet i Jemen med frilansarbeid for ulike medium, også NRK. Dei siste par åra har han levert reportasjestoff til fleire norske og internasjonale medium. Han var sist med i Dagsnytt 18 i P2 og NRK2 26. mars.

Dramatisk utvikling

Situasjonen i Jemen har utvikla seg i dramatisk retning den siste tida. I februar tok Houthi-militsen kontroll over hovudstaden Sana. Seinare har militsen teke kontroll over store delar av landet. Regjeringa til den sunnimuslimske presidenten Abd-Rabbu Mansour Hadi søkte først tilflukt i Aden, og flykta seinare vidare til Saudi-Arabia.

Fleire land, med Saudi-Arabia i spissen, har sidan 23. mars gjennomført luftangrep mot Houthi-militsen. Fleire hundre menneske er drepne i kampane i Jemen dei siste vekene.

Fredag ba FNs generalsekretær Ban Ki-moon om at dei stridande partane inngår våpenkvile straks. Han sa at ein langvarig krig kan få svært alvorlege følgjer for stabiliteten i regionen.

SISTE NYTT

Siste nytt