Hopp til innhold

Fransk politi trur same mann koordinerte terroren i Brussel og Paris

Fransk politi meiner at IS-mannen Oussama Atar, sist sett i Raqqa i Syria i fjor, organiserte terrorangrepa både mot Brussel i mars i år og Paris i november i fjor.

Terroraksjon i Paris

Terroraksjonen i Paris 13. november i fjor kosta 130 menneske livet.

Foto: PIERRE CONSTANT / Afp

32-åringen har både belgisk og marokkansk statsborgarskap. Han har lenge vore mistenkt for å ha vore delaktig i angrepa i Brussel 22. mars i år, men no meiner fransk politi at han også hadde ei viktig rolle i terrorangrepa mot Paris 13. november i fjor.

– Han er den einaste av koordinatorane frå Syria som har blitt identifisert under etterforskinga, seier ei kjelde i fransk politi til nyheitsbyrået AFP.

Sett i Raqqa

Terroraksjon i Paris.

Terrorangrepet mot Paris i november i fjor var det verste som har ramma den franske hovudstaden.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

Det er uklart kvar Oussama Atar oppheld seg no. Han skal vere observert i IS-bastionen Raqqa i Syria i oktober i fjor, men kvar han har vore etter det er uklart.

Politiet meiner at Oussama Atar også går under namnet Abou Ahmed. Ifølgje den franske avisa Le Monde er han ein «erfaren jihadist».

Han er fetteren til El Bakraoui-brørne, som sprengde seg i lufta under terrorangrepet i Brussel i mars. To andre fetterar, Mustafa og Jawad Benhattal, vart arresterte 18. juni i år, mistenkt for å ha planlagt eit angrep i Brussel under ei utandørs framvising av ein kamp frå fotball-EM.

Belgiske aviser melde alt i august i år at Atar kunne vere hjernen bak angrepet i Brussel. Politiet meiner han har koordinert angrepa frå Syria, og at han personleg har rekruttert dei to som sprengde seg i lufta ved Stade de France.

Dette skjedde under fotballkampen mellom Frankrike og Tyskland. Ingen inne på stadion vart skadd.

Belgierne marsjerte mot terror og hat

Paris-mistenkt pågrepet i Belgia

Fra Rio til Rinkeby

Minnemarkering i Paris

32 menneske vart drepne i angrepa i Brussel, medan 130 vart drepne i Paris. Nesten eitt år etter angrepa i Paris slit 29 menneske framleis alvorlege skadar dei etter terrorhandlingane. Over 600 får hjelp frå psykolog, melder TV-stasjonen France2.

Juliette Méadel, som er statssekretær med ansvar for hjelp til terroroffer, seier at så mange som 1774 er direkte ramma av angrepa i den franske hovudstaden i fjor.

Det blir ei stor minnemarkering i Paris førstkomande søndag, på dagen eitt år etter terrorangrepet mot byen. Artisten Sting skal halde konsert på Bataclan, der 90 menneske vart drepne under terrorangrepet.

President François Hollande skal leie ei markering i byen der overlevande og familiemedlemer av dei drepne skal delta.

Le Petit Cambodge

Fransk politi meiner same mann koordinerte terrorangrepa mot Paris og Brussel.

Foto: KENZO TRIBOUILLARD / Afp

SISTE NYTT

Siste nytt