Hopp til innhold

Førebur seg på brexit – kjøper tonnevis av norsk fisk og skaldyr

GRIMSBY (NRK): Fiskelager i Storbritannia er stappfulle av tonnevis med norsk fisk. Norske selskap merkar godt at hamstringa er i god gang før brexit.

Fiske i Nord-Norge

Norsk fiskerinæring går spente dagar i møte. Ein brexit kan bety store tap. No hamstrar britane norsk fisk.

Foto: Håkon Jacobsen / NRK

Klokka tikker mot datoen mange britar fryktar: 29. mars. Då skal landet etter planen tre ut av EU, og utan ein ny avtale er det meste usikkert for handelen mellom Noreg og Storbritannia.

0
dager
0
timer
0
minutter
0
sekunder

– Veldig på hogget

I Storbritannia er det mykje politisk kaos, og få nye avtaler som er signerte. For norske bedrifter kan dette i verste fall bety langt høgare tollsatsar enn i dag, og kanskje også full stans i eksporten til Storbritannia, ein av våre viktigaste eksportmarknad.

Kort fortalt: Noreg eksporterer fisk til Storbritannia for 5,8 milliardar kroner kvart år. Det er seks prosent av all fiskeeksport frå Noreg.

Brexit kan med andre ord bety krise for både britiske og norske bedrifter. Og i krisetider vert det hamstra. Det har rekeprodusenten Stella Polaris i Tromsø fått merke.

direktør i Stella Polaris, Christian Bue Nordahl

Christian Bue Nordahl ser grøne tal no, men er usikker på kva brexit kan bety for framtida.

Foto: Pål Hansen / NRK

– Våre britiske kundar er veldig på hogget for å sikre seg varer, og dei vil ha det på plass før 1. april, fortel direktør i Stella Polaris, Christian Bue Nordahl.

Dan Aherne, direktør i New England Seafood

Dan Aherne sitt selskap hamstrar på norsk torsk. Om ein månad kan den vere mykje dyrare.

Foto: Øyvind Rønning Nyborg / NRK

På motsett side av Norskehavet står Dan Aherne, direktør i New England Seafood.

– Med alt det ukjente med brexit er det viktig at me har skikkeleg forsyningar av fisk. Me har 700 tilsette og må sørge for at fisk kjem ut til butikkane, seier Aherne til NRK.

Hans folk held på med å laste inn tonn på tonn med frosen norsk torsk.

Fisk

Norsk fisk og skaldyr sel som varme kveitebollar i Storbritannia. Ein brexit kan bety langt dyrare sjømat.

Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix

– Engelskmennene slit sjølv med å tolke brexit

Både Nordahl og Aherne må vente og sjå kva brexit faktisk vil føre til. Det er berre tre veker att, men ingen veit kva som blir realiteten frå april.

Nordahl ser no tilbake på nokre månader med særs grøne tal og ei enorm auke i salet til Storbritannia. I januar har rekeeksporten til Storbritannia hatt ei dobling samanlikna med i fjor. Også februar og mars har vore langt betre i 2019 enn tidlegare år.

– Fleire av kundane har skunda fram bestillingane, slik at dei har varer etter brexit, i alle fall i eit par-tre månader, seier Nordahl.

Norsk torsk på lager

På eit lager i Grimsby ligg fleire tonn med norsk torsk.

Foto: NRK

Men snart kan dei grøne tala bli raude for Stella Polaris og andre sjømatbedrifter. Tidlegare i år har NRK meldt om ei stor brexit-uro i norsk fiskeindustri. Frå 29. mars kan alt vere snudd på hovudet om det skulle bli ein såkalla «hard brexit» – altså, ingen ny handelsavtale.

– Me håpar det beste, men fryktar det verste, og er nøydde til å ta våre forholdsreglar. Jo meir me følger med på det som skjer, jo mindre forstår me. Og me forstår at engelskmennene sjølve har problem med å tolke kva konsekvensane av ein brexit vil vere, seier Nordahl.

Kan bli 20 prosent toll

Rekeprodusenten i Tromsø seier ein brexit utan ny avtale vil bety at det er regelverket til Verdas handelsorganisasjon (WTO) som gjeld, og då vert det tjue prosent toll på dei fryste rekene dei eksporterer.

Norsk fisk i Grimsby

Norsk fisk vert eksportert i stort monn til Storbritannia. Men etter brexit kan dette endre seg stort.

Foto: NRK

Å eksportere eit like stort volum med reker til eit anna land er ikkje ei løysing på kort sikt.

Også andre problem kan oppstå om det ikkje blir ny avtale. Til dømes vil verdien til pundet kunne falle, og både importørar og forbrukarar vil få dårlegare råd.

Ny avstemming neste veke

Norsk Handelsorganisasjon er spente og uroa for brexit.

– Blir det kollaps for britisk økonomi, som Bank of England har åtvara om, så vil det også treffe norske bedrifter, seier Øystein Dørum, sjeføkonom i NHO.

No handlar alt om å sikre seg for dei neste månadane, og difor er lagra i Storbritannia fulle – også av norsk sjømat.

Det årlige skreifisket starter i januar og varer til april

Norsk fiskerieksport kan gå på ein smell frå 1. april om tollen til Storbritannia vert auka.

Foto: Cornelius Poppe / NTB scanpix

På tysdag er det ny avstemming i det britiske parlamentet. Då skal politikarane stemme ja eller nei til eit avtaleforslag statsminister Theresa May har forhandla fram med EU.

Skulle det bli eit nytt nei, kan det opne opp for nye avstemmingar. Då kan utfallet både bli ei utsetting av brexit, eller ein såkalla «hard brexit» – utan ein avtale, men med masse usikkerheit.

SISTE NYTT

Siste nytt