Hopp til innhold

– Nord-Norge blir hardare råka av brexit enn resten av landet

Brexit kan få konsekvensar for eit eksportorientert Nord-Norge, ifølgje fersk rapport.

Sparebank 1 Nord-Norge: Jan-Frode Janson.

Jan-Frode Janson, konsernsjef i SpareBank 1 Nord-Norge.

Foto: Marius Fiskum

Nord-Norge kan bli sterkare råka av brexit enn resten av landet.

Det er konklusjonen i ein ny rapport som blir lagt fram av SpareBank 1 Nord-Norge, NHO og LO tysdag ettermiddag.

Årsaka til dette er at Nord-Norge er meir eksportorientert enn resten av landet, og i rapporten blir dette forklart med landsdelen sin prosessindustri, sjømatnæring og omfattande reiselivsnæring. Ifølgje rapporten vil brexit kunne føre til ein redusert konsumvekst i Storbritannia, noko som igjen kan føre til færre britiske turistar til landsdelen.

Storbritannia stemte den 23. juni i år for å forlate EU, og det er venta at heile prosessen med å opprette nye, internasjonale avtalar mellom Storbritannia og dei andre europeiske landa vil ta mange år.

I rapporten står det at det på kort sikt er grunn til å vente seg at britiske bedrifter og hushaldningar vil etterspørre færre varer og tenester enn før brexit, og at dette vil påverke importen og norsk eksport til øygruppa.

Dei største eksportane frå Norge til Storbritannia er i stor grad knytt til olje- og gassektoren, som i liten grad vil bli påverka av brexit. Årsaka til dette er ifølgje rapporten at sektoren er sterkt internasjonalisert.

Storbritannia står for 7,9 prosent av det totale utanlandske eigarskapet i Nord-Norge.

Flere nyheter fra Troms og Finnmark