Hopp til innhold

EU-kommissær: Meinar arrestasjonane i Tyrkia verkar førebudde

Kuppforsøket i Tyrkia står høgt på agendaen då EUs utanriksministrar i dag møttest i Brussel. Dei åtvarar Erdogan mot å sette rettsstaten til side i «oppryddinga».

Turkey Military Coup

Arrestasjonane heldt fram måndag etter fredagens kuppforsøk. Rundt 9000 er så langt arresterte.

Foto: Tolga Adanali / Ap

EU-kommissæren for Tyrkia-forhandlingane, Johannes Hahn, sa at det verka som at regjeringa allereie hadde førebudd ei liste over folk å arrestere før kuppforsøket, og at dei berre hadde venta på det rette tidspunktet for å setje i verk desse.

Belgium Turkey EU

Johannes Hahn, EU-kommissæren for Tyrkia-forhandlingane, synest arrestasjonane verkar planlagde før kuppforsøket.

Foto: Geert Vanden Wijngaert / Ap

– Dette er akkurat det vi frykta, seier han.

Etter først å ha fordømt kuppforsøket i Tyrkia natt til laurdag og forsikra Erdogan om at dei stod bak han i dette tilfellet, var tonen betydeleg skarpare blant EU-toppane måndag i forkant av utanriksministermøtet i Brussel.

Åtvarar Tyrkia mot å gjeninnføre dødsstraff

– Dersom Tyrkia gjeninnfører dødsstraff, kjem ikkje tyrkisk EU-medlemskap på tale, sa Angela Merkels talsmann Steffen Seibert på ein pressekonferanse i Berlin måndag.

BELGIUM-EU-DIPLOMACY-COUNCIL

Det som skjer i Tyrkia har skapt uro blant dei andre Nato-landa, som ikkje minst er urolege for konsekvensane for kampen mot IS i Syria. Her er USAs utanriksminister John Kerry og EUs utanrikssjef Federica Mogherini på ein felles pressekonferanse i Brussel.

Foto: JOHN THYS / Afp

Både statsminister Benali Yildirim og president Recep Tayyip Erdogan opna for dette i helga, idet dei gjekk i gang med ein storstilt kampanje mot dei mistenkte kuppmakarane, men seier måndag at dette må opp til debatt i parlamentet.

Seibert oppfordra også til å halde seg til rettsstatlege prinsipp i handsaminga av kuppmakarane. Han refererte til bilete som har blitt spreidd i helga og som viser urovekkande brutal handsaming av dei arresterte. Rundt 9000 er arresterte så langt ifølge tyrkiske myndigheiter, 104 av dei er høgtståande generalar.

Også EUs utanrikssjef Federica Mogherini og USAs utanriksminister John Kerry oppfordra Tyrkia til å følge rettsstatlege prinsipp i sin felles pressekonferanse før møtet.

BELGIUM-EU-FOREIGN-AFFAIRS

Boris Johnson får som nyslått utanriksminister vere med på utanriksministermøta i EU – enn så lenge.

Foto: JOHN THYS / Afp

EU-medlem i år 3000?

Tyrkia har vore i forhandlingar om medlemskap i EU i 1999, men mange meiner at dette er meir usannsynleg enn nokon gong, sjølv om eit av krava i flyktningavtalen var å ta opp att desse. Storbritannias nyleg avgåtte statsminister David Cameron sa i mai at med den noverande framgangen ville Tyrkia truleg vere klare for medlemskap i 2016 – dette var før hans eige land bestemte seg for å gå ut av unionen.

Seibert forsikra likevel om at kuppforsøket ikkje vil få følger for den kontroversielle flyktningavtalen mellom EU og Tyrkia. Han sa at dei vil halde fram med å følge sin del av avtala, inkludert økonomisk støtte til flyktningar i Tyrkia.

SISTE NYTT

Siste nytt