Hopp til innhold

Åtvarar Erdogan: – Kuppet er inga blankofullmakt

Den franske utanriksministeren åtvarar Tyrkias president om å sette rettsstatsprinsippa til side i «oppreinskinga» etter kuppforsøket fredag.

Valls og Ayrault

Tunge dagar for Frankrikes stats- og utanriksminister, her utanfor utanriksdepartementet i Paris etter nok eit krisemøte etter Nice-terroren.

Foto: POOL / Reuters

– Vi vil at rettsstaten skal fungere i Tyrkia. Dette er ikkje ei blankofullmakt til Erdogan, sa Ayrault då han gjesta den franske tv-kanalen France 3 søndag føremiddag.

Den franske utanriksministeren og tidlegare statsministeren åtvara Recep Tayyip Erdogan om å straffe kuppmakarane med ulovlege eller udemokratiske metodar.

«Oppreinskinga» vil halde fram

Sidan kuppet blei avblåst laurdag morgon har 6000 kuppmakarar blitt arresterte, melder den tyrkiske justisministeren søndag. Fleire høgtståande i militæret er arresterte, mellom anna Bekir Ercan Van, kommandør ved Incirlik-flybasen sør i landet, som blir brukt av USA til deira luftoperasjonar mot IS i Syria.

Også 2745 dommarar har blitt avsett, og statsminister Benali Yildirim har opna for at ein kan gjeninnføre dødsstraff. Han sa søndag at oppreinskinga ikkje er over, og at dei snart vil utføre endå ein slik operasjon.

Det same sa Erdogan då han tala i ei gravferd for ein av dei som døydde i valden i samband med kuppforsøket. Han omtala dei involverte i kuppet som «virus».

Erdogan i begravelse

President Erdogan i gravferd i Fatih-moskeen i Istanbul søndag. Minst 265 menneske blei drepne i valden som oppstod under kuppforsøket.

Foto: ALKIS KONSTANTINIDIS / Reuters

Erdogan skuldar sin erkerival, den islamske skriftlærde Fetullah Gulen, for å stå bak kuppet. Regjeringspartiet har i fleire omgangar slått ned på Gulen-sympatisørar i statsapparatet, ikkje minst då regjeringa blei involvert i ei korrupsjonsskandale i 2013.

Erdogan uttala at medlemmer av Gulen-rørsla, som han seier har øydelagd hæren, vil bli arresterte på alle nivå. Han har bedt USA om å utlevere Gulen, som er i sjølvpålagt eksil der etter at han har gått frå å vere alliert til å vere erkerival av presidenten.

Forsiktig kritikk

Ayrault fordømmer på lik linje med dei fleste andre verdsleiarar kuppforsøket, sjølv om han verkar avmålt ovanfor president Erdogan, og stiller seg tvilande til Tyrkias vilje til å overvinne IS i Syria.

Tyrkia har lenge blitt kritisert for å ikkje respektere lovar og grunnleggande menneskerettar, sjølv om leiarane i EU har fått kritikk for å tone ned kritikken fordi dei har vore avhengige av samarbeid med Tyrkia når det gjeld flyktningar.

Også Tysklands forbundskanslar Angela Merkel og USAs president Barack Obama har oppfordra Erdogan til å straffeforfølge kuppmakarane i tråd med loven.

SISTE NYTT

Siste nytt