Hopp til innhold

Meiner kuppet er regissert

I kjølvatnet av fredagens forsøk på statskupp går diskusjonen i sosiale medium og på gata i Tyrkia om kven som kan stå bak kuppet. Mange meiner det heile er regissert av regjeringa, slik at Erdogan skal få endå sterkare kontroll.

Demonstranter med tyrkiske flagg i Istanbul etter kuppforsøket

Mange var ute i gatene natt til laurdag. Mange er støttespelarar av Erdogan og hans regjering, andre ville berre vise si motstand mot eit militærkupp, i eit land som har opplevd militært styre tidlegare.

Foto: DANIEL MIHAILESCU / Afp

– Dette opprøret er ein gåve frå Gud fordi det vil vere ein grunn til å gjennomføre ei utreinsking av hæren, sa president Recep Tayyip Erdogan då han kom tilbake til Istanbul laurdag morgon etter kuppforsøket natt til laurdag, og fyrte med det opp spekulasjonane om at det er regjeringa sjølv som står bak kuppet.

Under emneknaggen #DarbeDegilTiyatro (Teater, ikkje eit kupp) på Twitter gjekk nokre så langt som å samanlikne det med riksdagsbrannen i 1933 som blei eit vendepunkt i Hitler si maktovertaking i Tyskland, skriv The Independent.

Laster Twitter-innhold

For sjølv om mange følgde presidentens oppfordring om å gå ut i gatene for å vise motstand mot kuppet, er folket i landet djupt splitta i synet på Erdogan, og konspirasjonsteoriar er ikkje noko nytt, skriv Robert Cohen i New York Times.

Erdogan peikar på erkerival

Erdogan sjølv peikar på predikanten og erkerivalen Fethullah Gulen, som er i eksil i USA. No har han bedt om at USA utleverer Gulen til Tyrkia, og viser til dei to landa sitt strategiske samarbeid og at Tyrkia «har vore samarbeidsvillig når det gjeld å utlevere terroristar som USA spør etter». Utanriksminister John Kerry har svart at Tyrkia må legge fram bevis for at dette skal skje.

Erdogan sin bruk av omgrepet terrorist har lenge vore kontroversielt, og det at han ikkje har ville endre tyrkisk lov som opnar for å rettsforfølge ikkje berre terroristar, men også dei som støttar terroristar, har vore eit stort hinder i forhandlingane med EU om å opne for visafridom for tyrkarar i EU.

Recep Tayyip Erdogan og Fethullah Gulen

I fleire år har det vore ein maktkamp mellom dei Erdogan og Gulen, som tidlegare var allierte mot meir sekulære krefter i Tyrkia, ikkje minst innanfor hæren, og regjeringa har i fleire omgangar arrestert og avsett såkalla «gulenistar» i ulike delar av statsapparatet.

Foto: SELAHATTIN SEVI / Afp

Gulen på si side avviser skuldingane, og opnar for at det kan ha vore eit regissert kupp, for å ha eit påskot til å forfølge tilhengarane hans ytterlegare.

– Konspirasjonsteoriar

Erdogan i begravelse

Måten Erdogan har slått ned på dei som natt til laurdag prøvde å gjennomføre eit statskupp, vitnar ikkje om ein som prøvar å roe ned eit allereie polarisert samfunn, skriv Roger Cohen i New York Times.

Foto: OZAN KOSE / Afp

Howard Eissenstat, historieprofessor ved St. Lawrence University, skriv i eit innlegg for Reuters at skuldingane om at kuppet er regissert av regjeringa openbert er konspirasjonsteoriar og omtalar dei som useriøse. Likevel understrekar han at ein ting stemmer; Om Erdogan kjem sigrande ut av dette vil han vere endå sterkare enn før.

Når det gjeld skuldingane om at det er Gulen som står bak meiner fleire ekspertar at dette også er tvilsamt.

– Om det er ein Gulen-fraksjon innanfor hæren? Mogleg, men det verkar litt for lettvint, seier Natalie Martin, professor i internasjonale relasjonar ved Nottingham Trent University til AFP.